Vikso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°10′08″N 5°2′40″E / 60.16889°N 5.04444°E / 60.16889; 5.04444

Vikso
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Kart
Vikso
60°10′08″N 5°02′40″E / 60.16888889°N 5.04444444°E / 60.16888889; 5.04444444

Vikso er ei øy lengst sør i Øygarden kommune i Vestland fylke. Øya ligg sørvest for Toftarøyna, med det tronge sundet Hummelsundet imellom. Folketalet er 29 (2011). Det høgste punktet på øya er 50 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brusamband[endre | endre wikiteksten]

Vikso har aldri hatt eigen skule, og borna måtte kryssa sundet for å koma til Tofterøy skule. Det var ingen organisert båttransport over sundet, og folket var dermed prisgitt at det fanst båtførar i Hummelsundet som kunne gi dei skyss. Fyrst i 1929 vart det bygd bru over sundet.[1]

Losdrift[endre | endre wikiteksten]

Øya si plassering ytst i Korsfjorden gjorde henne ideell for losdrift. På 1700- og 1800-tallet måtte losane speide etter båtar som trong loshjelp inn til Bergen og ro om kapp for å få oppdraget. Dette var eit fårefullt yrke, og fleire av losmennene fra Vikso omkom.[2]

I 1891 kolliderte losbåten «Stolmaskøyta» med englandsbåten «Ragnvald Jarl» og mannskapet på tre omkom. Fem år seinare forliste endå ein losbåt frå Kalve. Desse to hendingane vart avgjerande for at Korsfjorden felleslosing vart oppretta 1. januar 1901 som eit samarbeid mellom losstasjonane på Golta, Vardøyna, Vikso, Bakkasund, Stolmen og Brandasund. Strekninga vart då samla under Viksøy loskrets som samstundes fekk fyrsterett på alle losoppdrag.[3]

Allereie i 1883 fikk Viksøy losstasjon telefon som fyrste stad i Sund kommune etter finansiering frå skipsreiar Peter Gabriel Halvorsen, som ville at losstasjonen skulle rapportera inn til Bergen når båtane frå Newcastle passerte.[1]

Då Noreg i 1940 vart involvert i andre verdenskrigen vart losstasjonen på Viksøy sett under kontroll av den tyske okkupasjonsmakta, men losane nekta å ta oppdrag for tyske krigsskip. I 1941 vart òg losbåtane «Korsfjord I» og «Johan Orlin» konfiskert av tyskarane, og verksemda låg brakk fram til frigjeringa i 1945. «Korsfjord I» var då forsvunnen i løpet av krigen, antakeleg havarert i Hustadvika, medan «Johan Orlin» vart ført tilbake med betydelege skadar. I mellomtida var det bygd ny kai og vakthytte på Vikso. I 1967 vart fasilitetane bedra ved at det vart bygd eit eige losvakthus der losar og losgutar kunne bu medan dei var på vakt.[3]

I 2004 vart det reist et minnesmerke ved den gamle losstasjonen på Vikso til minne om dei som miste livet på sjøen.[4]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[5] 1900[6] 2001[7]
16 30 26

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sund kommune - ein livsfrisk hundreåring, Sund kommune 1986, s. 85
  2. Havet har forsynt seg grovt Bergens Tidende
  3. 3,0 3,1 Viksøy losstasjon 100 år, Viksøy losstasjon 2001
  4. Minna avdøde losar og båtmannskap Arkivert 11. november 2013 på Wayback Machine. Kystglimt 04-2004
  5. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  6. Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet
  7. Arvid Skogseth, Sund på Søre Sotra, bd. 2 (Sund kommune, 2013)
Spire Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.