Store Balkjosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°51′54″N 15°22′33″E Store Balkjosen er ein fjordarm av Balkjosen og Nordfolda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordover.

Fjorden har innløp mellom Skjelnesodden i nord og Gravnesodden i sør. Ved Gravnesodden ligg det ein veglaus gard. Skjelneset skil Store Balkjosen frå Litle Balkjosen, som går parallelt nordover på austsida av neset. Skjelnesfjellet ligg på neset og strekkjer seg opp til 334 meter over havet.