Store Færder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Store Færder
Geografi
Norway - Store Færder.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°04′02″N 10°31′29″EKoordinatar: 59°04′02″N 10°31′29″E

Høgaste punkt 59 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Store Færder eller berre Færder er ei markant øy i Oslofjorden, i Færder kommune i Vestfold. Her vart den andre fyrlykta i Noreg tent i 1697.

I 1857 vart fyret flytta til Tristein litt lenger sør i havet. Alt på 1700-talet vart Tristein kalla for Lille Færder, mellom anna i det engelske sjøkartatlaset The English Pilot frå 1780.

På Store Færder sitt høgaste punkt, 59,11 m over havet, ligg ruinane etter det første Færder fyr. Det var eit privat fyr forma som ein open, smidd fyrgryte. Gryta stod rett på bakken og fyrvaktaren etterfylte med kol og ved heile natta. På eit år vart det brend omkring 540 tønner med kol. I 1799 overtok det offentlege ansvaret for fyrdrifta, og eit tårn med stor lykt stod ferdig i 1802. Kolfyret vart erstatta av eit linseapparat og fyrlampar driven på petroleum i 1852. Ruinar etter fyranlegget på toppen av Store Færder er framleis synleg og vart freda av Miljødepartementet i 1997.

Store Færder er ein del av Færder nasjonalpark, og var tidlegare omfatta av Ormø-Færder landskapsvernområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Store Færder i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren