Storelva i Indre Oppedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storelva
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 41,6 km²
Lengd 12,1 km
Middelvassføring 4,98 /s
Kjelde Strandavatnet
Munning Sognefjorden ved Indre Oppedal

Storelva er ei elv i kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho er 12,1 km lang, og har eit nedbørfelt41,6 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 4,98 m³/s.[1]

Elva har utspring frå Strandavatnet austom Kvanngrødvarden lengst sørvest i Høyanger kommune. Derfrå renn ho mot nord til Årnesvatna, og så mot sørvest til Inngardsvatnet, der ho møter elva frå Skjerjevatnet. Ved utløpet frå Inngardsvatnet kryssar elva grensa til Gulen kommune og renn mot nordvest ned Fossedalen, der ho renn saman med elva derfrå etter at de to elvane har danna to parallelle fossar. Elva fortset mot nord gjennom den djupe og tronge dalen, der ho vekslar mellom fossestryk og meir rolege parti. Frå aust kjem Koveelva og Indredalselva inn. Nedstraums samløpet med Indredalselva blir dalen noko breiare og flatare, og det ligg busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Rundt ein halv kilometer før munningen i Sognefjorden ved Indre Oppedal renn elva igjen i fossestryk.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

I likskap med andre vassdrag i området vart Indre Oppedalselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i dei høgareliggjande delane av nedbørfeltet, der det på 1980-talet vart registrert reduserte fiskebestandar.[2] Undersøkingar i seinare år har likevel vist ei betring og tildels normalisering av tilhøva.[3][4]

Vasskraft[endre | endre wikiteksten]

Vassføringa frå Skjerjevatnet og Årnesvatna øvst i vassdraget er overført til Matrevassdraget og blir nytta til kraftproduksjon i Matre kraftverk. Skjerjevatnet blir overført til Årnesvatna i ein 734 meter lang tunnel, og vatnet frå begge felta blir vidare ført frå austenden av Årnesvatna til Krokevatnet i Matreselvas nedbørfelt gjennom ein 3039 meter lang tunnel.[1]

Nedbørfelt Areal
(km²)[1]
Middelvassføring
(m³/s)[1]
Skjerjevatnet 1,76 0,26
Årnesvatna 7,38 0,99

Overføringa av dei to felta utgjer til saman 25% av Storelvas vassføring ved munningen.

Til Årnesvatna og vidare til Matre blir dessutan vassføringa frå Pinslevatnet i nedbørfeltet til Storelva i Ikjefjord overført (1,98 km², 0,27 m³/s), gjennom ein 402 meter lang tunnel som munnar ut ca 0,5 km nord for Årnesvatna.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  3. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
  4. Bjart Are Hellen, Erling Brekke, Steinar Kålås: Fisk, bunndyr og vannkvalitet i 35 lokaliteter i Sogn og Fjordane høsten 2003, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 678, 2003, ISBN 82-7658-233-8