Storfjorden i Lyngen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°22′3.8460″N 20°4′43.997″E

Storfjorden med bygda Lyngsdalen og fjellet Jiehkkevárri.
Foto: Simo Räsänen
.

Storfjorden (samisk Omasvuotna, finsk Omasvuono, Isovuono) er den inste delen av fjorden Lyngen i Storfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 17 km sørvestover til Hatteng i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Rasteby i vest og Falsnesodden i aust. Skibotn ligg like aust for Falsnesodden. Litt inn i fjorden ligg bygda Elvevoll på austsida og litt lenger sør ligg grenda Sandøyra. Tvers over fjorden for desse ligg dei to grendene Elsnes og Horsnes.

Inst i fjorden ligg tettstaden Hatteng og her munnar Signaldalelva ut i fjorden. Frå botn av Storfjorden er det om lag berre 20 km langs Balsfjordeidet til Nordkjosbotn inst i Balsfjorden.

E6 går langs heile austsida av fjorden, medan Riksveg 868 går langs vestsida.