Storglomvassdammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storglomvassdammen

Storglomvassdammen er ein steinfyllingsdam i Meløy kommune i Nordland fylke. Dammen vart bygd i perioden 1993 til 1998 av Statkraft i samband med kraftutbygginga ved Svartisen.

Dammen er ca 820 meter lang, 126 meter høg og 365 meter tjukk ved foten og har eit volum på 5,3 millionar kubikkmeter stein og grus. Dammen har ein kjerne av asfalt. Det var Kolo Veidekke som la asfaltkjernen på prosjektet. Breidda på asfaltkjernen er 0,95-0,50 m. På begge sider av asfaltkjernen er det lagt filtermasse og brukt ein 0-60 mm morenemasse.

Storglomvatnet som dammen demmer opp er Noregs 52. største innsjø og har ei overflate på 28,59 kvadratkilometer. Han demmer opp eit magasin på 3,5 milliardar m3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 66°46′24″N 14°8′28″E