Storglomvatnet
| Storglomvatnet | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland | ||
| Kommune | Meløy | ||
| Høgd over havet | 585–460 moh. | ||
| Areal | 28,59 km² | ||
| Kystlengd1 | 45,16 km | ||
| Koordinatar | 66°45′24″N 14°12′03″E / 66.75667°N 14.20083°E | ||
![]() Storglomvatnet 66°45′14″N 14°11′46″E / 66.75386°N 14.19624°E | |||
| Wikimedia Commons: Storglomvatnet | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Storglomvatnet er ein regulert innsjø i Meløy kommune i Nordland fylke. Magasinet er regulert for kraftproduksjon i Svartisen kraftverk i Holandsfjorden og er Noregs største vassmagasin (målt i nyttbart volum) med ein kapasitet på 3506 millionar kubikkmeter[1] Som ein del av utbygging av Stor-Glomfjordvassdragene i Svartisen - Saltfjellet-utbygginga vedtatt i 1987, vart det bygd to større fyllingsdammar for å utvide kapasiteten, Holmvassdammen og Storglomvassdammen. To mindre vatn like ved, Holmvatnet og Litle Storglomvatn vart frå då av inkludert i Storglomvatn-magasinet. I anleggstida vart den nye Storglomvassdammen omtala som verdas høgste av denne typen med asfaltkjerne[1] Han har ei høgd på 126 meter og har ei damkrone på 820 meter. Storglomvatnet var hovudmagasinet for Glomfjord kraftstasjon frå 1920 til det nye Svartisen kraftverk kom i drift frå 1993.

Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Svartisen får snart den siste salve, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 7. januar 2007
