Transnistria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transnistria/Transdniester
Flag of Transnistria.svg Coat of arms of Transnistria.svg
Flagg Riksvåpen
Transnistria-map.png


Administrativt kart over Moldova med Transnistria utheva i gult

Offisielle språk Rumensk, russisk og ukrainsk
Politisk status Sjølvstyrt region
Hovudstad Tiraspol
President Jevgenij Sjevtsjuk
Sjøvlstende
 - Erklært
 - Respektert
Frå Moldova
 2. september 1990
 ingen
Areal 4 163 km²
Folketal 537 000 (2007 est.)
Valuta Transnistrisk rubel
Tidssone UTC +2

Transnistria, òg kalla Trans-Dnestr, Transdniestria og Pridnestrovie (fullt namn Den pridnestroviske moldoviske republikken) er ein region som offisielt høyrer til Moldova, og sjølv om det ikkje er respektert av andre statar eller internasjonale organisasjonar er han de facto ein sjølvstendig stat[1][2][3]. Transnistrisa fungerer i dag som ein republikk med eigen president, regjering, parlament, militær, politi og postsystem. Styresmaktene har vedteke eige flagg, nasjonalsong og riksvåpen.

Transnistria består av ei lang og smal landstripe mellom elva Dnestr og Ukraina. Området var opphavleg ein del av Ukraina, men vart overført til Moldaviske SSR i 1940. Dette skjedde trass i at det budde få moldovarar i området. Etter Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991, vurderte Moldova å verte ein del av Romania. Transnistria valde då å lausrive seg og dette førte til krig med Moldova som starta i mars 1992 og enda med våpenkvile i juli same år. Den politiske situasjonen er derimot framleis ikkje løyst og Transnistria har i praksis vore sjølvstendig sidan den gong. Transnistria vert stundom samanlikna med andre tidlegare sovjetiske område som Nagorno-Karabakh, Abkhasia og Sør-Ossetia[4][5]

Mykje av Moldova sin industri låg nettopp i Transnistria, og tapet av denne regionen har råka Moldova hardt. Transnistria livnærer seg av handel med Ukraina og Russland, men òg av smugling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. , Jos Boonstra, Senior Researcher, Democratisation Programme, FRIDE. Moldova, Transnistria and European Democracy Policies, 2007
  2. Gerald Hinteregger, Hans-Georg Heinrich (editors), Russia - Continuity and Change, Gerald Hinteregger (2004) Russia - Continuity and Change, s. 174 – Springer. ISBN 3211223916.
  3. FrancisRosenstiel (2002) Annuaire Europeen 2000/European Yearbook 2000 – Martinus Nijhoff Publishers. ISBN 9041118446.
  4. OSCE: De Gucht Discusses Montenegro Referendum, Frozen Conflicts, GlobalSecurity.org, Radio Free Europe/Radio Liberty, Mai 2006
  5. Vladimir Socor, Frozen Conflicts in the Black Sea-South Caucasus Region, IASPS Policy Briefings, 1. mars 2004