Storkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storkreps
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Latreille, 1802
Sjøkreps (Nephrops norvegicus)

Storkreps (Malacostraca) er ein klasse krepsdyr som omfattar over 22 000 artar, mellom dei krabbar, hummer, kreps, reker og kril. Det er den best kjende gruppa krepsdyr, og finst i alle hav og i somme terrestriske og ferskvasshabitat.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kroppsplanet til ein storkreps (klikk på biletet for større versjon)

Kjenneteikna til storkrepsen omfattar:

  • Hovud med seks segment, med eit par antennuler, eit par antenner, fasettaugo og munndelar
  • Vanlegvis åtte par bein på thorax (mellomkroppen); det første eller dei første er ofte omdanna til maxillipedar, som vert nytta til å ta til seg føde. Ofte er det første paret bein bak maxillipedane omdanna til klør.
  • Åtte segmentar på thorax. Cephalothorax, som består av hovudet og thorax, er dekt av ryggskjoldet (carapax).
  • Bakkroppen, abdomen, består av seks segment og vert ofte nytta til å symje med.
  • Fasettaugo, stundom på stilkar
  • To kammer i magen
  • Sentralisert nervesystem

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Denne klassifiseringa følgjer Martin & Davis Arkivert 2006-05-25 ved Bibliotheca Alexandrina sin klassifisering av krepsdyra. Utdøydde grupper er merkte med †.

Klasse Malacostraca Latreille, 1802

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Storkreps