Storm Weather Shanty Choir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foto: Magne Langåker

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmannskor frå øya Stord som syng gamle sjantiar. Det vart starta i oktober 2000.

Mellom 2010 og 2020 har koret hatt tre landsdekkende turnéar i Noreg, to USA-turnéar og tre Japan-turnear, i tillegg til konsertar i Danmark, Sverige, Sveits, Nederland, Tyskland, England og Skotland. Storm Weather Shanty Choir er kjende for sine heftige og inkluderande konsertar og ein omtale frå ein konsert i Seattle i 2009 kan vere beskrivande: «Storm Weather Shanty Choir is like imagine Gogol Bordello singing shanties».[treng kjelde]

Den tidlegare seglskutesjømannen Haakon Steinar Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter å ha vore på seglas med Statsraad Lehmkuhl, kom tilbake til Stord og samla ein gjeng langhåra rockarar. Etter kvart er koret blitt kjende som eit fargerikt innslag i både folkemusikkmiljøet og i meir rocka musikkretsar. Koret har såpass mange bein i ulike leirar at dei ikkje berre har spela på Folkelarm to gonger, men også på by:Larm, og dei er årvisse gjengangarar på klubbar som Skuret, Det Akademiske Kvarter, Herr Nilsen og Riksscenen.

Koret[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon Steinar Vatle - sjantimann og akustisk gitar
  • Ronny Sætre - baryton og perkusjon
  • Rune Nesse - bass og perkusjon
  • Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin»
  • Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar
  • Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2002 - Cheer Up Me Lads!
  • 2004 - Off to Sea Once More
  • 2005 - Let Us Be Jolly and Drown Melancholy!
  • 2009 - Way Hey (And Away We'll Go)
  • 2012 - A Drop of Nelsons Blood
  • 2017 - Live
  • 2021 - Nine Rows of Teeth

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]