Stortinget T-banestasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′46.969″N 10°44′29.288″E

Stortinget stasjon i 2012
Sentrum stasjon i 1977

Stortinget stasjon, som opphavleg heitte Sentrum stasjon, er ein stasjon på T-banestrekninga gjennom Oslo sentrum, og vert trafikkert av alle linene på T-banen. Stasjonen ligg etter måten djupt og har lange rulletrapper og utgangar i gatene Grensen, Lille Grensen og på Egertorget, som ligg attmed Karl Johans gate mellom Akersgata og Øvre Slottsgate i nærleiken av nordaustre hjørnet av Stortingsbygningen.

Stasjonen har to gjennomgåande spor og eit vendespor for trafikken austfra, og såleis fire plattformer, der to av dei berre vert nytta for høvesvis avstiging og påstiging på tog frå aust som snur på stasjonen. Vendesporet skriv seg frå tida då Stortinget stasjon opna under namnet Sentrum stasjon i 1977 som endestasjonen for dei austlege T-banelinene, medan Najonaltheatret T-banestasjon var vendestasjon for dei vestlege forstadsbanelinene, utan tunnelsamband mellom dei to stasjonane.

I 1983 vart Sentrum stasjon stengd for gjennomgripande reparasjonar på grunn av at det trengde vatn inn i stasjonen, og stasjonen vart ikkje opna att før i 1987 under det noverande namnet Stortinget stasjon. Då var det bygd tunnel mellom denne stasjonen og Nationaltheatret stasjon, og stasjonen hadde fått fire spor med tilhøyrande plattformer, der dei to nye gjennomgåande spora vart nytta som endestasjon for lina frå vest, medan vendesløyfa var endestasjon for linene frå aust som før.

I 1992 kunne dei fyrste toga gå i pendeltrafikk frå aust til vest. Då var Sognsvannsbanen bygd om til det same systemet som T-banelinene austover nytta, og kunne difor knytast saman med Lambertseterbanen. Og vidare utover på 1990-talet vart det sett i gang pendeldrift mellom aust og vest på alle linene, dels ved at linene vart ombygd, dels ved at det vart nytta tog som var tilpassa båe systema. Etter dette vart det berre sporadisk trafikk på vendesløyfa på Stortinget stasjon.