Nationaltheatret stasjon

Koordinatar: 59°54′54.036″N 10°43′50.300″E / 59.91501000°N 10.73063889°E / 59.91501000; 10.73063889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′54.036″N 10°43′50.300″E / 59.91501000°N 10.73063889°E / 59.91501000; 10.73063889

Inngangen i Studenterlunden mellom Karl Johans gate og Stortingsgata til både tunnelbanestasjonen og jarnbanestasjonen på Nationaltheatret stasjon.
Jarnbanestasjonen, toghallen med plattforma for trafikken mot aust.
Hovudinngangen til jarnbanestasjonen i Ruseløkkveien i Vika.
Nationaltheatret tunnelbanestasjon.
Haldeplassen for trikk og buss i Stortingsgata attmed stasjonsinngangen i Studenterlunden.
Ei av Holmenkollbanens vogner på den tidlegare Nationaltheatret stasjon, som då var endestasjon.

Nationaltheatret stasjon er eit underjordisk stasjonskompleks med ein stasjon for jarnbanen og ein stasjon for tunnelbanen. Stasjonskomplekset ligg i nærleiken av Nationaltheatret, i sentrum av Oslo.

Jarnbanestasjonen[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanestasjonen Nationaltheatret stasjon ligg i nivået under tunnelbanestasjonen, og høyrer med til Oslotunnelen, som knyter Drammensbanen til Oslo sentralstasjon. Stasjonen har fire spor knytt til kvar sin midtplattform i kvart sitt tunnelrom, med tilkomst med rulletrapper og heis frå ein stasjonshall som ligg høgare enn spora, på nivå med tunnelbanestasjonen. Det er inngangar til stasjonen både frå tunnelbanestasjonen, frå Ruseløkkveien i Vika, og frå eit hjørne av Slottsparken, der Parkvegen og Henrik Ibsens gate kryssar kvarandre.

Opphavleg var jarnbanestasjonen bygd som ein perrong mellom dei to spora i ein utvida part av tunnelen, men i 1999 vart stasjonen utvida til to perrongar med kvar sine to spor ved at det vart bygd ei ny stasjonstunnel ved sida av den gamle, med ein ny stasjonshall over. Den gamle stasjonen vart med dette reservert for togtrafikken i retning mot Drammen, og den nye for togtrafikken austover i retning av Oslo sentralbanestasjon. Rekna etter talet på passasjerar, er denne einast underjordiske jarnbanestasjonen i Noreg den nest største persontogstasjonen i landet. Berre Oslo sentralstasjon er større i så måte.

Tunnelbanestasjonen[endre | endre wikiteksten]

Tunnelbanestasjonen Nationaltheatret stasjon er ei ombygd utgåve av den gamle endestasjonen på forstadsbanetunnelen frå Majorstuen til sentrum, opna i 1928, og er no er ein av fleire underjordiske stasjonar på tunnelbanelina under sentrumsområda i Oslo. Stasjonen har særskilde inngangar for vestgåande og austgåande tunnelbanetog. Inngangen for austgåande tog gjev òg tilkomst til jarnbanestasjonen. Frå Ruseløkkvegen i Vika er det tilkomst til tunnelbanestasjonen gjennom stasjonshallen på jarnbanestasjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]