Hopp til innhald

Straumsøyna

Koordinatar: 60°43′17″N 05°05′39″E / 60.72139°N 5.09417°E / 60.72139; 5.09417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°43′17″N 05°05′39″E / 60.72139°N 5.09417°E / 60.72139; 5.09417

Straumsøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver kommune
Høgaste punkt 19 moh.
Kart
Straumsøyna
60°43′17″N 5°05′39″E / 60.721388888889°N 5.0941666666667°E / 60.721388888889; 5.0941666666667

Straumsøyna er ei øy i Lurefjorden nord i Alver kommune i Vestland. Øya er skilt frå fastlandet i sør ved den smale Lurestraumen og frå Spjotøyna i nord ved Kjerringastraumen. Øya ligg dermed slik til at ho sperrar for opninga inn til det opnare farvatnet inn mot det gamle kommunesenteret Lindås. Øya er veglaus.

Straumsøyna har vore husmannsplass under garden Kvalvågnes på fastlandet. Ved folketeljinga i 1900 budde det 9 personar her.

Øya låg i Lindås kommune fram til 2020.

  • Olav Ones, Bygdebok for Lindås, bd. 2 (Lygra og Hundvin bygdeboknemnd, 2000)