Harpe
Harpe | |
![]() Harpespelar med tre harper i ulike storleikar: Stor konsertharpe, lita trubadurharpe, og mellomstor keltisk harpe. | |
Strengeinstrument | |
---|---|
Klassifisering | klimpreinstrument, composite chordophone |
Hornbostel-Sachs klassifisering | 322-5 (Samansett kordofon spelt på med fingrane) |
Utvikla | Oldtida |
Døme | |
Liknande instrument | |
Speleregister | |
Harpe eller harpa er eit strengeinstrument som noko forenkla kan skildrast som ei ramma med strenger inni. Harper i ulike storleikar og fasongar har vore brukt frå oldtida av og til i dag. Ho kan brukast både som knipse- og strykeinstrument.
Den eldste kjennskapen ein har til harper er frå det gamle Mesopotamia for 5000 år sidan. Dei er også kjende frå det gamle Egypt, og har spreidd seg til heile Europa, delar av Afrika og Asia.
Harper av det meir moderne slaget er i allefall kjende sidan mellomalderen. Dei tidlege harpene hadde berre durtonar. Om det var nødvendig med halvtonar, kunne ein stemma om ei streng eller fleire. Frå 1500-talet blei harper med to strengerader vanleg. Dei blei derimot rekna som meir vanskelege å spela på. Men så fann ein på å kopla klaffane til pedalar, slik at ein skiftar tonehøgde på strengene med føtene, og på den måten forandrar ei streng frå for eksempel g til giss eller gess. Det er slik moderne konsertharper er bygde.
Harpe i norsk folkemusikk[endre | endre wikiteksten]
I Noreg har harper vore i bruk sidan mellomalderen. På portalen på Uvdal stavkyrkje, frå 1100-talet, er «Gunnar med harpa» portrettert, og det finst i dag ni gamle norske harper, ved ulike museum[1]. Den norske harpa gjekk under ymse namn, som «bondeharpe», «krokharpe» og «trekantharpe». Tradisjonen døyde etter kvart ut, og i fylgje [1] levde han lengst i Østerdalen.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Harpe» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Harpe» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2009.