Struga
Struga Струга Strugë | |||
---|---|---|---|
Svarte Drin renn ut av Ohridsjøen gjennom Struga | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Sørvest | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
483 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
50 980 105,5/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 6330 | ||
Telefon-retningsnummer | +389 246 | ||
Heimeside: struga.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Struga i Nord-Makedonia |
Struga (makedonsk Струга; albansk Strugë) er ein by og ein kommune i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Delogozjdi, Labunisjta, Lukovo og Velesjta vart innlemma i kommunen.
Kommunen har eit areal på 483 km2 og hadde 50 980 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 63 376 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Struga hadde 36 892, medan sjølve byen hadde 16 559 innbyggjarar.[3]
Struga ligg ved Ohridsjøen. Elva Svarte Drin renn ut frå Ohridsjøen ved Struga og deler byen i to.
Turisme er ei viktig næring i byen, men Struga er noko rolegare enn den større byen Ohrid som ligg lenger aust på kysten av Ohridsjøen.
Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]
Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Struga | 16 559 |
Labunisjta | 5 936 |
Velesjta | 5 834 |
Mislesjevo | 3 507 |
Radolisjta | 3 119 |
Delogozjdi | 2 920 |
Oktisi | 2 479 |
Podgortsi | 2 160 |
Frangovo | 1 739 |
Korosjisjte | 1 717 |
Vranisjte | 1 517 |
Livada | 1 485 |
Kalisjte | 1 178 |
Gorno Tatesji | 1 148 |
Zagratsjani | 1 075 |
Dolna Belitsa | 1 026 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Attraksjonar i Struga
- Struga på makedonija.name
- Turistportal for Struga Arkivert 2009-01-22 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Struga» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.