Studentmållaget i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Studentmållaget i Stavanger
Skipa2006
HovudkontorStavanger
LeiarIngunn Vespestad Steinsvåg (2016)

Studentmållaget i Stavanger (SmiS) er eit lokallag i Norsk Målungdom. Laget dekkjer heile Rogaland, men held til i Stavanger. Laget har som føremål å fremja nynorsk og dialekt på alle samfunnsområde, men med hovudtyngd på språklege rettar blant studentar i Rogaland. Leiar i laget er Ingunn Vespestad Steinsvåg (f. 1995) frå Stord i Hordaland.

SmiS vart skipa i 2006, før Studentmediene i Stavanger vart skipa med same forkorting (SmiS). I 2013 vart SmiS skipa opp att etter å ha lege nede nokre år.


I 2016 var SmiS vertskap for den årlege studentsamlinga, der studentar frå heile landet deltok. Dette var første gong samlinga vart halde i Stavanger.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]