Norsk Målungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norsk Målungdom (NMU) er ein norsk ungdomsorganisasjon som kjempar for å verje og fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Organisasjonen blei skipa i 1961, og heitte då Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Dette namnet reflekterte organisasjonsstrukturen på 60- og 70-talet, då Norsk Målungdom for det meste var utgjord av såkalla student- og elevmållag ved gymnas, høgskular og universitet. I 1972 byte organisasjonen namn til Norsk Målungdom (NMU). Norsk Målungdom har i dag om lag 1.300 medlemmer; av desse er kring 1.000 betalande medlemmer under 26 år. Norsk Målungdom er dotterorganisasjonen til Noregs Mållag, og samarbeidet mellom dei to organisasjonane er regulert gjennom ein samarbeidsavtale som dei fyrst inngjekk i 1969. Samarbeidsavtalen som er no er frå 2013.

Under Landsmøtet til organisasjonen i 2015, gjekk Karl Peder Mork av som leiar, til fordel for Synnøve Marie Sætre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Noregs Elev- og Studentmållag ikkje blei skipa før i 1961, hadde det funnest flekkvise forsøk på organisert målarbeid for ungdom i mange tiår allereie. Vi kan rekne Målvinarlaget (målvenn-) ved lærarskulen på Stord, som blei skipa i 1877, som det første dømet på organisert målarbeid mellom ungdom. I tida som følgde blei det skipa lag ved ei rekkje andre lærarskular, mellom anna i Troms og Elverum. Tanken på å sameine desse einskildlaga i ein nasjonal ungdomsorganisasjon, blei likevel ikkje aktuell før langt ut på 1900-talet. Dette er ein klår parallell til arbeidet med å samle dei einskilde mållaga til Noregs Mållag, som òg var vanskeleg av di lokale einingar i målrørsla tradisjonelt har vilja verne om sjølvstyret sitt og motsett seg sentralisme.

Norsk Målungdom har aldri kunna skilte med den same kontinuiteten i leiarskapen og medlemsmassen som Noregs Mållag har hatt, og det at organisasjonen i regelen tek meir radikale eller kontroversielle standpunkt i mål- og allmennpolitiske spørsmål, har gjort at det til tider har vore vanskeleg for dei to organisasjonane å samarbeide på godt vis. Usemje om kva og kvifor målreisinga skal vere, om og korleis målrørsla bør stille seg til spørsmål som fell utanfor det vi utan vidare kan rekne som «målsak» – til dømes EF –, og turbulens innetter i NSEM/NMU, har ført til at tilhøvet i periodar har vore direkte fiendtleg. Dei siste åra, derimot, har vore prega av meir semje mellom Noregs Mållag og NMU.

1961–1970 – Etablering[endre | endre wikiteksten]

Skipingsmøtet i Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) blei halde på Vinstra 3. august 1961, torsdagen før landsmøtet i Noregs Mållag tok til. NSEM blei ynskt velkomen i Noregs Mållag. Tilhøvet til Noregs Mållag vart først formelt ordna i 1964. Dei første åra var kjenneteikna av svak samordning laga imellom. Frå 1967/68 fekk NSEM eigne årsmøte. Fram til 1968 var Studentmållaget i Oslo det leiande laget, og sentralstyret heldt til i Oslo. I 1968 blei leiinga flytta til Studentmållaget i Bergen, og så attende igjen i 1970. NSEM blei aldri nokon sterk organisasjon, og blei først og fremst sett på som eit samordningsorgan.

1970–1980 – EF, m-l og AFSRIS bak spegelen[endre | endre wikiteksten]

I 1972 blei leiinga flytta frå Oslo til Bergen att, der ho blei verande fram til hausten 1977. Då flytte sentralstyret til Oslo og fekk permanent skrivarstove og ein fast tilsett skrivar (generalsekretær).

Kampen mot norsk EF-medlemskap spelte ei viktig rolle på den første halvdelen av 70-talet. Det var særs få ja-folk i målrørsla, og då målrørsla tok avstand frå norsk EF-medlemskap vakte det stor harme blant ja-folka i Dag og Tid og Gula Tidend. Då Aftenposten oppsummerte tapet la dei mykje av skulda på målfolka.

Deretter var det duka for intern strid mellom tilhengjarar av den nasjonale og den sosiale linja i norsk målreising då tufta var oppe til ordskifte frå 1974 til 1976. Striden bar preg av dominans frå AKP (m-l) på den nasjonale sida og SV på den sosiale sida, men var òg ein strid mellom sentralstyret, som hadde sete i Bergen, stod på den nasjonale linja og ville at føremålet skulle vere «nynorsk som einaste riksmål», og Studentmållaget i Oslo, som stod fast på folkemålslinja. Eittspråkslinja vann fram, men sjølve formuleringa blei eit kompromiss der det heitte at «NMU arbeider for full språkleg frigjering for heile det norske folket, i tale som i skrift».

1970-åra var òg tida for dei største skulestreikane i norsk soge. I 1971 streika 30.000 elevar ved 112 skular for å få lovfest retten til lærebøker. Aksjonane blei etter kvart samordna av Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS). Med Lov om vidaregåande opplæring (1974) blei retten lovfest, men lova viste seg å vere lite verd i praksis. I 1976 følgde nye læremiddelaksjonar, og problemet blei emne i valkampen i 1977.

I 1975 gjekk dei første dialektaksjonane av stabelen. Frå 1977 til 1983 blei dialektaksjonane samordna mellom Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Innetter i organisasjonen var det usemje om i kor stor grad ein skulle tone ned nynorsk og berre fokusere på dialekt. Målorganisasjonane heldt fast på tilknytinga til nynorsk og målreisinga, og gjorde det vanskeleg å byggje ein breiare allianse. I 1983-1984 flata dialektbølgja ut.

1980–1990 – Konflikt[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1985 og 1987 blussa tuftordskiftet opp igjen. Organisasjonen landa på eit langt meir offensivt standpunkt med bakgrunn i eittspråkslinja, og var pionerar med å nykople målsaka til det nasjonale. I tillegg la ein opp til ein meir straumlineforma og effektiv sentralorganisasjon. Desse faktorane førte til splid mellom studentmållaga i Bergen og Oslo på den eine sida og resten av organisasjonen på den andre sida. Studentmållaget i Bergen melde seg ut av Norsk Målungdom og beinveges inn i Noregs Mållag. Dette førte igjen til at Norsk Målungdom braut samarbeidet med Noregs Mållag fram til den nye samarbeidsavtalen var på plass i 1993.

1990–2000 – Ny EU-kamp[endre | endre wikiteksten]

På første halvdelen av 90-talet blei spørsmålet om korleis Noreg skulle knyte seg til den europeiske fellesskapen reaktualisert, og Norsk Målungdom var mellom anna sentral i danninga av ungdomsorganisasjonen på nei-sida, Ungdom mot EU.

2000–2010 – Medlemsjuks, tronge kår og ny framgang[endre | endre wikiteksten]

I 2002 kom det fram at organisasjonen hadde drive systematisk medlemsjuks i fleire år. Fleire tillitsvalde måtte i fengsel og betale erstatning, og organisasjonen blei ilagd å betale attende det han hadde stole. Dette kom til å prege arbeidet heretter.

På 00-talet fekk organisasjonen mellom anna gjennomslag for nynorsk teksting på kino og ekstraløyvingar til nynorske læremiddel. Nynorsk programvare var òg eit arbeidsområde på dette tidspunktet, og blei tema for Aksjon for språkleg rettferd i skulen. 1. august 2006 tok kravet om språklege parallellutgåver i alle fag utanom norsk til å gjelde for programvare så vel som lærebøker.

2010–[endre | endre wikiteksten]

Kampsaker[endre | endre wikiteksten]

Målpolitikk[endre | endre wikiteksten]

Norsk Målungdom arbeider for at alle i Noreg skal ha høve og rett til å skriva nynorsk, og å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Organisasjonen organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet.

Spørsmålet om plassen til bokmålet i eit språkleg ideelt samfunn har vore oppe til ordskifte i mange ulike former. På 70- og 80-talet dominerte spenningane mellom dei som rekna seg til den sosiale og den nasjonale linja.

Tilhengjarane av den sosiale linja meinte at nynorsken var verd å kjempe for først og fremst fordi han var eit uttrykk for folkemålet, og det var ikkje tilfeldig at venstresidekreftene som etter kvart fann vegen inn i organisasjonen, gjerne sokna til denne forståinga av målstriden.

Tilhengjarane av den nasjonale linja meinte at nynorsken fann sin verdi i at han var norsk, og at han burde odlast fram på sjølvstendig grunnlag. Desse ulike forståingane av målstriden resulterte ofte òg i ulike tilnærmingar til rettskriving, normering og samnorsk.

Frå 80-talet og utetter har desse skiljelinjene blitt mindre viktige, og i dag arbeider Norsk Målungdom for språkleg mangfald og språklege rettar uavhengeg av målform.

Allmennpolitikk[endre | endre wikiteksten]

Norsk Målungdom kasta seg aktivt inn i kampen mot norsk medlemskap i EF (1972) og EU (1994). Dette botna i ei programfest overtyding i organisasjonen om nasjonen sin rett til å rå over seg sjølv og nasjonalstaten som det mest eigna organet til å byggje eit godt folkestyre. Somme har òg peika på at den historiske venstresidedominansen i organisasjonen kan ha bidrege til å knesetje dette nei-standpunktet, og at det såleis ikkje berre dreier seg om nasjonal sjølvråderett, men kan vere farga av politiske sympatiar i styret.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Sentralstyret[endre | endre wikiteksten]

I mars 2016 valde landsmøtet det følgjande sentralstyret, som troppar på i juli 2016:

  • 1. vara: Åsmund Mikalsen Kvifte
  • 2. vara: Kristofer Olai Ravn Stavseng
  • 3. vara: Jorunn Simonsen Thingnes

Landsstyret[endre | endre wikiteksten]

  • Sunniva Karlsen Øvstetun
  • Fredrik Vonheim Heimsæter
  • Gunnhild Skjold
  • Synneve Øien Frøyen
  • Ingunn Vespestad Steinsvåg
  • Ingeborg Storesund Nes
  • Ingrid Nedrebø
  • Eilev Øyjordet Rossehaug
  • Henrikke Madeleine Furu
  • Eirik Tangeraas Lygre
  • Sunniva Nathalie Halstensen
  • Philip Gaustad Vogsted
  • 1. vara: Ánná Káisá Partapuoli
  • 2. vara: Bjørg Karin Dysjaland
  • 3. vara: Ragnhild Kvifte
  • 4. vara: Marie Nystuen Berger
  • 5. vara: Øystein Sandve
  • 6. vara: Brage Haugbjørg Haugen

Leiarar av Norsk Målungdom[endre | endre wikiteksten]

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen arrangerer mykje forskjellige aktivitetar, både politiske og sosiale. Ved kvart landsmøte set organisasjonen ned eit arbeidsprogram, som beskriv kva aktivitetar NMU skal gjera. I tillegg til dette har organisasjonen faste nasjonale tilskipingar, sentralstyremøte og landsstyremøte. I laupet av eit år arrangerer NMU desse aktivitetane:

  • Vinterleir er ein populær, nasjonal tilskiping i januar månad som har vekt på sosiale og uformelle aktivitetar;
  • Landsmøte er det nasjonale årsmøtet kor politiske prioriteringar, verv og budsjett vert vedteke;
  • Sommarleir, nasjonal tilskiping med både fotturar, faglege føredrag, bading og fotballturnering. På kvar sommarleir tek det nyvalde sentralstyret og bladstyret (redaksjon) over;
  • Haustkonferanse er eit helgearrangement med fagleg program om språk og politikk;
  • Landsstyremøte vert arrangert fem gonger i året kor landsstyret samlast og vedtek politikken og tilset arbeidstakarar i NMU.

Tilhøve til Noregs Mållag[endre | endre wikiteksten]

Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har status som eit fylkeslag i Noregs Mållag. Organisasjonane har per 2010 kontor i lag, og samarbeider tett. Samarbeidet er formalisert i ein samarbeidsavtale som blei inngått i 1969. Avtala blei revidert i 1974 og 1993, og presisert i 1998, før dei to organisasjonane vedtok ein ny avtale i 2014. Norsk Målungdom har ein fast representant i styret, valnemnda og landsrådet i Noregs Mållag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  • Almenningen, Olaf (m. fl.): Målreising i 75 år – Noregs Mållag 1906–1981 (Oslo, 1981).
  • Almemnningen, O., Hoel, O.L., Pilskog, G.M., Tangen, H.: Studentar i Målstrid, studentmållaget i Oslo 1900–2000 (Oslo: Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget, 2003).
  • Almenningen, Olaf: «Målarbeid mellom ungdomen – gjennom 20 år» i Mål og Makt nr. 1/1987 (Oslo: Studentmållaget i Oslo, 1987)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]