Hopp til innhald

Studentradioen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Studentradioen i Bergen
Skipa1982
HovudkontorBergen
LandNoreg
Nettstadhttp://srib.no/

Studentradioen i Bergen (SriB) er ein studentdriven, reklamefri nærradiostasjon i Bergen. Han er den eldste nærradioen i byen, og har halde på sidan 1982. Tidlegare år, frå midten av 1960-talet, hadde studentar i Bergen hatt sendingar i høve studentervekene.

SriB er ein del av Studentradioane i Noreg (SiN) og har rundt 180 frivillige medarbeidarar. I tillegg løner dei éin fulltidstilsett og to deltidstilsette; henhaldsvis ansvarleg redaktør, dagleg leiar og teknisk sjef, som tilsetjast av styret. Kanalen er ikkje-kommersiell, og mottek støtte frå Velferdstinget Vest. Radioprogramma er sortert under sju redaksjonar; underhaldning, nyhende og samfunn, kultur, musikk og humor og underhaldning, aktualitet og nettredaksjonen, i tilleg til ei teknisk avdeling på tvers av heile organisasjonen.

Frå 2009 til 2017 var lokalradioen hovudkonsesjonær for lokalradiofrekvensane på FM i bergensområdet, og fylte sendetida saman med ei rekke andre lokalradioar. Sidan september 2017 er Studentradioen i Bergen ein 24-timarsradio utan underkonsesjonærar. Frå 5. februar 2019 vart radiokanalen også tilgjengeleg på DAB i Hordaland. Han er framleis tilgjengeleg på nett og på FM.

Kjende personar som har vore medlem av SRIB inkluderer blant anna Karl Ove Knausgård,[1] Tore Renberg,[2] Arill Riise,[3] Christian Mikkelsen.[4] og Desta Marie Beeder[5]

  1. «Knausgård gjør comeback som radioprogramleder», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020 
  2. «Debatt: – Dette er nøkkelen til Bergens suksess», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020 
  3. «Radiotryne: Arill Riise», Studentradioen i Bergen (FM 107,8), henta 8. oktober 2020 
  4. «Radiotryne: Olav og Christian fra Vinterhagen». Studentradioen i Bergen (FM 107,8) (på engelsk). Henta 8. oktober 2020. 
  5. «Radiotryne: Desta Marie Beeder», Studentradioen i Bergen (FM 107,8), henta 8. oktober 2020 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]