Studentsamskipnaden i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) var den eine og eldste av to studentsamskipnader i Oslo fram til januar 2011, då dei to studentsamskipnadene vart slegne saman til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus.

Studentsamskipnaden i Oslo var den eldste og største studentsamskipnaden i Noreg, skipa i 1939 for studentane ved Universitetet i Oslo. Etter kvart kom òg studentane ved dei vitskaplege høgskulane i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Norges idrettshøgskole, Norges musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Norges veterinærhøgskole, Det teologiske Menighetsfakultet og Handelshøyskolen BI i Oslo, og den private høgskolen Akupunkturhøgskolen med i studentsamskipnaden.