Substantiv i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Substantiv i fulfulde

Substantivet i fulfulde finst normalt i seks ulike former, her illustrert med substantivet RAWAANDU 'hund' i Aadamaawa-dialekten:

Eintal Fleirtal
Grunn-nominalklassar rawaandu 'hund' dawaaɗi 'hundar'
Diminutiv-nominalklassar dawaangel 'liten hund' ndawaakon 'små hundar'
Augmentativ-nominalklassar ndawaanga 'stor hund' ndawaako 'store hundar'

I tillegg finst ei noko mindre vanleg diminutiv-pejorativ eintalsform, i dette tilfellet ndawaangum 'liten fillehund'. Væsker og massar førekjem i ei eiga diminutiv-form, jamfør dihal 'litt vatn' til ndiyam 'vatn'. Av grunnklassane finst det 15 i eintal (klasse nummer 1, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15 og 16) og 3 i fleirtal (klasse nummer 2, 17 og 18). Eit substantiv opptrer i maksimalt éin eintals grunnklasse og éin fleirtals grunnklasse. Nokre substantiv, i fyrste rekkje lånord, har ikkje noko suffiks som viser kva eintals grunnklasse dei høyrer til, og det er nominalklassekongruensen ved adjektiv, partisipp, determinativ og pronomen som fortel kva eintals grunnklasse eit substantiv høyrer til.

Alle dei 24 nominalklassane (nom.kl.) har ei relativt veldefinert prototypisk tyding; jamfør artikkelen Nominalklassesemantikk i fulfulde.