Suizhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Plasseringa av Suizhou (gul) i Hubei

Suizhou (kinesisk: 随州; pinyin: Suízhōu) er eit byprefektur nord i provinsen Hubei i det sentrale Kina, der det i nord og i aust grensar mot Henan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 9 636 km² og vel 2,16 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Suizhou omfattar bydistriktet (区 ) Zhengdu og byfylket (市 shì) Guangshui.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i provinsen Jiangxi og Wuhan i provinsen Hubei til Lanzhou i Gansu.

Suizhou er stoppestad på jarnbanen som trafikkerer mellom Hankou og Danjiangkou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]