Wuhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
武汉
Wǔhàn
Uttale
Horisonten til Wuhan
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hubei
Grunnlagt 223 f.Kr.
Geografi
Flatevidd
 - By

1557 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

9 700 000
  1145,6/km²
Koordinatar 30°35′″N 114°17′″EKoordinatar: 30°35′″N 114°17′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 430000 - 430400
Telefon-retningsnummer +86/27
Bilnummer A/ O
Nettstad: wuhan.gov.cn

Wǔhàn er ein kinesisk storby som er hovudstad i provinsen Húběi i det sentrale Kina. Folketalet innanfor bygrensene var i 2007 omtrent 6 600 000, men heile storbyområdet har 9,7 millionar innbyggarar.

Namnet «Wǔhàn» tyder 'Den djerve kinesaren' og er ei moderne samantrekking av tre andre bynamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gatebilete ca 1940 frå gamle Hankou i Wuhan.

Byen vart til i 1950 då regjeringa slo saman tre separate byar som nesten hadde vokse saman. Den viktigaste av dei tre var Wǔchāng, dei andre var Hànkǒu og Hànyáng.

Byområdet si historie går tilbake til Panlongcheng, ein arkeologisk funnstad som knyttast til Erligang-kulturen. Den kulturen er datert til kring 1510 – 1460 fvt., noko som gir funnstaden ein alder på kring 3480 år eller eldre (2020-talet). Funnstaden er i Huangpi-bydistriktet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Storby-området ligg der Han-elva blir del av Yangtze-elva, i aust på Jianghan-sletta.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

The Economist skreiv (2018) at fem T-banelinjar vart forlenga eller skipa dei siste to åra, og avgangane er fulle i rushtida.[1]

Konsern som har hovudkvarter i byen er mellom anna WISCO eller «Wuhan jarn- og stål-korporasjon» (Wǔhàn gāngtiě (jítuán) gōngsī), og bilfabrikanten Dongfeng Peugeot-Citroën.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Ma Guoqiang, og borgarmeisteren er Zhou Xianwang (2020).[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. After a good run of growth, China’s economy braces for bumps. The Economist. Vitja 2020-01-18
  2. 武汉市信息公开. Arkivert frå originalen 6. april 2018. Henta 5. april 2018. 2017年2月19日,在武汉市第十四届人民代表大会第一次会议上当选为武汉市政府市长。 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wuhan