Sukkertopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tradisjonell sukkertopp.

Sukkertopp er ein avrunda kjegle av samanpressa raffinert sukker.

Sukkertoppar i ein historisk kjøkkenillustrasjon frå Tyskland.

Frå rundt 1500 og fram til slutten av 1800-talet var sukkertoppar den vanlegaste måten å omsetja sukker på. Då sukkerfabrikantane byrja å produsera sukkerbitar og strøsukker, forsvann sukkertoppane stort sett frå marknaden. Dei vert framleis selde i einskilde land, blant anna i Tyskland, der dei vert brukt i julepunsjen Feuerzangenbowle. Sukkertoppar vart kutta i mindre stykke med ei spesiell tong for å få meir handterbare stykke. Dei varierte tradisjonelt i storleik frå 1,8 til 14 kg. På grunn av raffineringsprosessen vart kvaliteten på sukkertoppane dårlegare jo større dei var.

«Sukkertoppen» er namnet på fleire toppar: Sukkertoppen i Ålesund i Noreg, Sukkertoppen i Horsens og Sukkertoppen i Brønderslev i Danmark, Sukkertoppen i Rio de Janeiro i Brasil og Sukkertoppen i Dronning Maud Land i Antarktis.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sukkertopp