Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museum | |
![]() | |
Sunnfjord Museum | |
Stad | Førde |
---|---|
Skipa | 1910 |
Opna | 1926 |
Museumstype | Folkemuseum |
Leiar | Marie Nicolaisen |
Nettstad | www.sunnfjord.museum.no |
![]() Sunnfjord Museum |
Sunnfjord Museum er distriktsmuseum for dei indre kommunane i Sunnfjord: Jølster, Førde, Gaular, Fjaler og Naustdal. Vertskommune er Førde. Museet ligg i Movika, 9 km aust for sentrum.
Sunnfjord Museum har sidan 2009 vore ei avdeling under det konsoliderte museet Musea i Sogn og Fjordane.
Historikk[endre | endre wikiteksten]
Sunnfjord Museum vart som mange andre av dei norske folkemusea skipa på byrjinga av 1900-talet. Nasjonsbygginga etter unionstida var nok ei viktig drivkraft i dette arbeidet. Sunnfjord Sogelag som eig museet vart skipa i 1910, med det som mål at dei skulle skipa eit museum for sunnfjordbygdene, men museet vart ikkje opna før i 1926. Første museumsstaden var i Førde sentrum. Museet vart flytta til Movika i1950, der det sidan har vore. Dåverande formann i Museumsforbundet, Robert Kloster, som held tale på nyopninga sa: «…jeg har sett mange museumsområder gjennom årene, men sjelden har jeg sett noe så vakkert og selvfølgelig som Movika».
Dei kommande åra vart ein evig kamp om pengar til å sikre seg hus som anten stod i fare for å bli fjerna eller som museum andre plassar var ute etter. Ideen bak oppbygginga av friluftsmuseet var å få eit meir eller mindre komplett gardstun (klyngetun) for to brukarar slik det kunne sjå ut midt på 1800-talet.
I 1975 blei det innført ei statleg tilskotsordning for museum av ein viss storleik, og Sunnfjord Museum var eitt av dei. Det var ikkje mykje pengar i starten, men nok til at det byrja å skje noko. Under leiing av styreformann Leiv Erdal frå Naustdal kom det fart i arbeidet med nytt administrasjons- og utstillingsbygg, og i 1977 fekk museet sin første faste tilsette, Ludvig Søgnen frå Sande.
Nytt administrasjonsbygg opna i 1980 og midt på 1980-talet kom det eige verkstadbygg, realisert ved hjelp av sysselsettingsmidlar.
Etter at museet etter kvart fekk faste stillingar auka aktiviteten og fleire hus kom til i friluftsmuseet. I byrjinga av 2000-talet vart det planlagt og bygd støl til museumstunet med tilhøyrande kulturlandskap i eit område som tidlegare var tett skog. I dag (2012) har museet seks stillingar.
I 2009 gjekk Sunnfjord Museum saman med dei fire andre musea i fylket til ei ny og stor driftseining kalla Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Det er framleis det lokale sogelaget som eig hus og samlingar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
- Otto Huseklepp: Sunnfjordtunet. Førde 1958
- Asbjørn Tyssen: Museet i Movika. Jul i Sunnfjord 1994
- Gunnhild Systad: Vi skyggjer med handa over augo og prøver å sjå langt, - langt tilbake og langt fram. Sunnfjord Museum 2011