Super Monkey Ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Super Monkey Ball
Utviklar(ar)Amusement Vision
Utgjevar(ar)Sega
Regissør(ar)Toshihiro Nagoshi
Produsent(ar)Toshihiro Nagoshi
Komponist(ar)Hidenori Shoji
Sakae Osumi
Haruyoshi Tomita
Plattform(er)GameCube, Arkade
UtgjeveArkade
JP: 23. juni 2001
Nintendo GameCube
JP: 14. september 2001
NA: 18. november 2001
EU: 3. mai 2002
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Super Monkey Ball er eit plattformspel utvikla av Amusement Vision og utgjeve av Sega. Spelet debuterte i Japan i 2001 på arkademaskinar under namnet Monkey Ball og vart seinare utgjeve som ei utvida utgåve og ein lanseringstittel til Nintendo GameCube. Det var det første spelet som vart utgjeve av Sega på ein Nintendo-konsoll.

Spelet var produsert av Toshihiro Nagoshi og involverer å leie ein gjennomskinleg ball, med ein av fire aper inni, gjennom ei rekkje labyrintliknande baner. Spelaren må kome fram til målstreken utan å falle av plattforma eller la tida gå ut for å kome vidare til neste bane. Spelet har òg nokre modusar for fleire spelarar.[1]

Super Monkey Ball fekk positiv mottaking, særleg for enkelheita og den subtile djupna i kontrollsystemet, i tillegg til dei nye modusane for fleire spelarar som ikkje fanst i arkade-utgåva. Spelet selde relativt godt og var ein av dei mestseljande spela frå Sega i USA i 2002.[2] Spelet fekk i 2002 ein oppfølgjar, Super Monkey Ball 2, og la grunnlaget for det som etter kvart skulle bli ein heil serie av dataspel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ANMELDELSE: Super Monkey Ball». Gamer.no. 5. juni 2002. Henta 10. juli 2019. 
  2. «Graphs: Sega's Year-to-Date». IGN. 3. oktober 2002. Henta 10. juli 2019.