Nintendo GameCube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nintendo GameCube

Nintendo GameCube (ニンテンドーゲームキューブ, ofte forkorta til GCN) er ein stasjonær spelkonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. Han er den fjerde i rekkja av stasjonære spelkonsollar frå Nintendo, og er oppfølgjaren til Nintendo 64 og forgjengaren til Wii. GameCube høyrer til same generasjon spelkonsollar som Sony PlayStation 2, Sega Dreamcast og Microsoft Xbox.

Under utviklinga gjekk GameCube under kodenamn «Dolphin», som kom frå at grafikkchipen blei kalla «flipper». Grafikkchipen blei framstilt av ATI.

Wii kan spele av GameCube-spel og er kompatibel med det meste av utstyr for GameCube, men spel som nyttar internettfunksjonar vil ikkje kunne bruke nettfunksjonane sine på Wii.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.