Supermakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Uttrykket supermakt blei bruka om dei to statane som stod att som mykje mektigare enn dei andre stormaktene etter den andre verdskrigen i 1945, Sovjetunionen og USA. Før storkrigen var styrketilhøvet mellom stormaktene meir jamt, med både desse to og Storbritannia, Frankrike, Italia, Tyskland og Japan som stormakter. Kina var ei stormakt berre i namnet, fordi landet var splitta, underutvikla og veikt.

Tyskland, Japan og Italia var på den tapande sida i andre verdskrigen, og særleg dei to førstnemnde hadde lidd store materielle og menneskelege tap. Storbritannia, Frankrike og Kina var på vinnarsida ilag med Sovjetunionen og USA, men dei to førstnemnde var klart svekte i høve til posisjonen deira før krigen, og i Kina rasa borgarkrigen.

Sovjetunionen stod trass i enorme menneskelege og materielle tap fram som ei svært sterk militærmakt etter krigen, og hadde utvida «interesseområdet» sitt monaleg med militær og etter kvart politisk kontroll over stordelen av Aust-Europa.

USA hadde ikkje lidd store tap (færre falne enn i deira eigen borgarkrig mesta hundre år før), hadde ingen krigsskader på det amerikanske fastlandet, og hadde utvida den økonomiske makta si svært mykje under krigen. Det var i røynda berre ei økonomisk supermakt i 1945 og åra som følgde, og det var USA. Dessutan hadde berre dei i førstninga atombomber, som dei hadde prøvd ut to gonger over Japan før dette landet formelt kapitulerte. (Hiroshima, Nagasaki).

Perioden som følgde var kjenneteikna av ein permanent maktkamp mellom desse to supermaktene, kalla «den kalde krigen».

Etter Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, står USA att som den einaste militære supermakta. Men økonomisk er ikkje bildet så enkelt. Japan og Tyskland bygde seg etter kvart opp att som økonomiske stormakter, EU under eitt kan iallfall reknast som ei økonomisk stormakt, Kina har den raskast veksande økonomien av dei store landa. USA har enorme konstante underskot på både handelsbalanse og statsbudsjett, og kan halde fram på denne måten berre fordi dollaren fungerer som internasjonal reservevaluta. På grunn av den internasjonale etterspurnaden etter dollar kan USA berre prente fleire setlar utan å få ein gallopperande inflasjon og eit økonomisk samanbrot. USA er også med sitt store energiforbruk ekstremt avhengig av utanlandsk olje, og synest vere viljug til å bruke militær makt for å sikre seg denne (Irak).

Det har alt vore fleire tilløp til «handelskrig» mellom USA på den eine sida og EU/Japan på den andre. Dette på grunn av amerikansk proteksjonisme, som i denne samanhengen kan vere eit teikn på økonomisk svakheit. Med eit sterkare Kina og eit auka strategisk samarbeid mellom Russland og Kina også in mente, tyder mykje på at vi går i retning av ei «multipolar» verd igjen, og at USA sin einerådande maktposisjon er tilsynelatande og forbigåande.