Nagasaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nagasaki
Nagasaki før og etter atombomba.
Nagasaki før og etter atombomba.
Flagget til Nagasaki
Flagget til Nagasaki
Styresmakter
Land Japan
Borgarmeister Tomihisa Taue
Geografi
Flatevidd
 - By

406,35 km2 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

446,007
  1,100/km²
Koordinatar 32°47′″N 129°52′″EKoordinatar: 32°47′″N 129°52′″E
Tidssone UTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside: http://www1.city.nagasaki.nagasaki.jp/
Plassering
Plassering av  Nagasaki
Tempelet Shofokuji i Nagasaki.
Brua Megane-bashi

Nagasaki' (長崎市, bokstaveleg «lang halvøy») er den største byen og hovudstaden i Nagasaki-prefekturet på den sørvestre kysten av den japanske øya Kyushu. Byen ligg ytst i ei lang bukt som er den beste naturlege hamna på den sørlege øya Kyushu. Han har 418.901 innbyggjarar (2003).

I den japanske mellomalderen var Nagasaki eit viktig senter for europeisk innverknad, men i moderne tid er han blitt mest kjend for å vera den andre og siste staden det er blitt brukt ei atombombe mot menneske.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Nagasaki blei grunnlagd rundt 1500 og var ein nokså uviktig hamneby før portugisarane dukka opp i 1542. Den vesle byen voks raskt til eit handelssenter, og mange av varene som portugiserene tok inn hit, som tobakk, klede, tempura, brød og kakene castellas, blei ein del av den japanske kulturen. Også kristendommen fekk innpass i byen gjennom mange misjonærar og konverterte japanarar.

I 1587 kom nye tider med Toyotomi Hideyoshi ved makta. Den nye shogunen tok tilbake kontroll over byen frå jesuittane og utviste dei kristne misjonærene. Hideyoshi krossfesta 26 kristne i byen i 1596 for å skremma andre frå religionen som han meinte truga makta hans.

Den neste shogunen Tokugawa Ieyasu totalforbaud kristendommen. Han utviste eller forfølgde alle som følgde religionen. Nederlandske handelsmenn overbeviste herskaren om at dei berre var interesserte i handel, mellom anna ved å skyta mot kristne som stod imot han. I 1644 fekk nederlendarane ei eiga kunstig øy utanfor Nagasaki, og fram til 1855 var dette einaste kontakten Japan hadde med omverda.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Monument til martyrane i Nagasaki.

Då Japan igjen opna dørene til resten av verda fekk Nagasaki tilbake stillinga si som viktig hamneby. Han blei ei frihamn i 1859 og utvikla industri, mellom anna verft. Under andre verdskrigen bygde ein ei rekke krigsskip i byen, noko som gjorde han til eit bombemål for amerikanarane.

9. august 1945 blei Nagasaki ramma av ei amerikansk atombombe som førte med seg store øydeleggjingar og tap av menneskeliv.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i operaen Madama Butterfly av Puccini er lagt til Nagasaki.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nagasaki