Supporters Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Supporters Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 85°4′S 169°30′E / 85.067°S 169.500°E / -85.067; 169.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Supporters Range
85°04′00″S 169°30′00″E / 85.066666666667°S 169.5°E / -85.066666666667; 169.5
Supporters Range is located in Antarktis
Supporters Range (Antarktis)

Supporters Range er ei fjellkjede i Antarktis. Ho er 40 km lang og ligg på austsida av Millbreen med Keltiebreen i nord og Mill Stream-breen i sør.[1]

Det fekk dette namnet av New Zealand GSAE (1961-62) fordi fleire toppar i fjellkjeda er kalla opp etter folk som støtta (supporters på engelsk) Nimrodekspedisjonen til Ernest Shackleton (1907-09).[1]

Blant fjella i denne rekkja finn ein Mount Iveagh med ei høgd på 3422 meter over havet. Fjellet ligg på austsida av Beardmorebreen. Mount Iveagh vart opdaga av Nimrodekspedisjonen og kalla opp etter Edward Guinness, 1. jarl av Iveagh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Supporters Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.