Surströmming

Surströmming (surstrømming) er strömming (svensk nemning for sild som er fiska i Austersjøen) som er foredla og konservert ved fermentering (gjæring). Den rensa silda vert salta og lagt i opne kar, der enzym og bakteriar skapar illeluktande syrer av sukkerartar i fisken. Deretter vert fisken lagt i tette blekkboksar for å ettergjære. Utviklinga av gassar under ettergjæringa vil faktisk kunne føre til at surströmmingsboksar eksploderar, og i alle høve er innhaldet av ein slik konsistens og lukt at det berre er eit fåtal som sett pris på denne sjeldsynte svenske matretten. Boksen bør opnast utomhus, og ein bør syta for å stå på vindsida av boksen. Det er særleg i kystområdet Höga kusten i Ångermanland (Västernorrlands län) i Sverige at det vert produsert surströmming.