Sild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For øya, sjå Øya Sild.
Sild
Sild
Sild
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sild
Utbreiinga av sild
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Overorden: Clupeomorpha
Orden: Sildefisk Clupeiformes
Familie: Sildefamilien Clupeidae
Underfamilie: Clupeinae
Slekt: Clupea
Art: Sild C. harengus
Vitskapleg namn
Clupea harengus
Sildestim.
Sild i tønne.

Sild (Clupea harengus) er ein fisk i sildefamilien. Ho vert sjeldan over 40 cm lang, har blanke skjel og kløyvd spord. Silda lever pelagisk i stim og livnærer seg på ymse dyreplankton: små krepsdyr, fiskeegg og yngel. Ho kan verte opp til 25 år gammal.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fisken har ein langstrekt, samanpressa kropp med sølvblank farge, gjerne noko mørkare på ryggen. Han har ryggfinne, men manglar sidelinje. Vidare har han store auge og underbitt i munnen.[1]

Silda lever i Atlanterhavet, frå Biscaya og Cape Cod i sør til Barentshavet, Jan Mayen, Island, Vest-Grønland og Newfoundland i nord. Ulike grupper har ulike stader der dei driv gyting, og gyt til ulike tider.[1]Sild er ein viktig matressurs for rovfisk og sjøpattedyr.

Sildebestandar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste sildebestandane i det nordaustlege Atlanterhavet er:

  • Den atlantoskandiske sildestamma, som er den største og viktigaste
  • Nordsjøsilda

Sildestammer[endre | endre wikiteksten]

Den atlantoskandiske sildestamma har vorte oppdelt i tre grupper:[2]

  • Norsk vårgytande sild (NVG)
  • Islandsk vårgytande sild
  • Islandsk sommargytande sild.

NVG-sild[endre | endre wikiteksten]

Ein har brukt ulike namn på silda alt etter alder og storleik. Desse nemningane har endra seg med tida, og kan vere uklare i dag òg:

  • Mussa – sild opp til eitt år.
  • Bladsild – eit til to år gammal sild.
  • Småsild – felles namn på mussa og bladsild.
  • Feitsild – ikkje kjønnsmoden sild, tre til fem år.
  • Sommarsild – felles namn for småsild og feitsild.
  • Storsild – kjønnsmoden sild, før gyting.
  • Vårsild – storsild, under og etter gyting.
  • Vintersild – felles namn på storsild og vårsild.

Gyting og beiting[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste gyteområdet for NVG-sild er bankane utanfor Møre, der gyt hovudtyngda av den kjønnsmodne bestanden i februar og mars. Det er òg gyting langs kysten av Nordland og Vesterålen. Egga vert lagde på botnen der dei vert klekte etter omlag tre veker. Larvane vert transporterte nordover av straumen, og tidleg på sommaren kjem dei inn i oppvekstområda i Barentshavet. Der beiter småsilda i 3–4 år, til dei forflyttar seg vestover og blandar seg med gytebestanden.[3]

Silda som har gytt trekkjer ut i Norskehavet for å finne mat. Der vert det beita på raudåte gjennom sommaren. Om hausten samlar silda seg utanfor Finnmark og Troms. Der overvintrar ho. Tidleg på vinteren dreg ho på nytt sørover langs kysten for å gyte.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Norsk vårgytande sild skaper grunnlaget for fiske etter småsild, feitsild og vintersild. Sildefiske foregår for det meste med ringnot, men og med trål og garn. Minstemålet for sild er 25 cm, så det vert for det meste fiska på vaksa sild. Det vert fiska mest under gyteinnsiget på Møre-feltet om vinteren, og om haust/vinter utanfor Nord-Noreg.

Nordsjøsild[endre | endre wikiteksten]

Nordsjøsild er utbreidd i Nordsjøen og på kontinentalsokkelen vest for Irland og Storbritannia.

Ho gyt om hausten frå Shetland og langs kysten av Skottland. Ei ho-sild kan legge mellom 10 000 og 60 000 egg, alt etter storleiken. Rogna vert klekte etter 15–20 døgn. Oppvekstområde er søraustlege Nordsjøen og SkagerrakKattegat området. Når ho vert kjønnsmoden vandrar ho til gyteområda lenger vest.[4]

Sild som mat[endre | endre wikiteksten]

Sild er ein matfisk som vert nytta til ulike matretter. Tomatsild, rømmesild og sursild vert brukte som pålegg. Fisken inneheld a-vitamin, d-vitamin og B12.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vøllestad, Leif Asbjørn (24. januar 2023). «sild». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «NVG-Sild». Norges Sildesalslag. 
  3. «Tema: Norsk vårgytende sild». Havforskningsinstituttet. 24.02.2022. 
  4. «Tema: Nordsjøsild». Havforskningsinstituttet. 24.02.2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]