Susan B. Anthony

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Susan B. Anthony
SB Anthony from RoRaWW.jpg
Fødd15. februar 1820
Adams, Massachusetts
Død13. mars 1906 (86 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkestemmerettsforkjempar, kvinnesaksforkjemper, menneskerettsaktivist, antislaveriaktivist, skribent
MorLucy Read
FarDaniel Anthony
MedlemDaughters of the American Revolution

Susan Brownell Anthony (15. februar 182013. mars 1906) var ein amerikansk pioner i kampen for kvinnefrigjering, og ein forkjempar for dei politiske rettane til kvinner.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Familie og barndom[endre | endre wikiteksten]

Anthongy var fødd i Adams i Massachusetts. Faren hennar var kvekar, og hadde sett seg opp mot konvensjonane og forventningane i kvekarsamfunnet då han gifta seg med ei kvinne som ikkje var kvekar. Susan Brownell Anthony voks derfor opp i ein ukonvensjonell familie med foreldre som hadde svært ulik bakgrunn. Familien var liberal; dei var motstandarar av slaveri og dei var for kvinnerettar. Dottera Susan fekk skulegang på linje med brørne sine.[1]

Då ho var 17 blei Anthony send til ein kostskule i Philadelphia driven av kvekarar der ho mistrivdest i den strenge atmosfæren. Ho måtte forlata skulen etter ein termin etter at familien var blitt ruinert i ein økonomisk nedtur som blir kalla Panic of 1837. Dei måtte selja alt dei åtte på auksjon, men blei redda av ein onkel som kjøpte dei fleste av eigedelane deira og gav dei tilbake til familien. For å hjelpa til økonomisk drog Anthony heimefrå for å bli lærar ved ein kvekarskule.[2]

I 1845 flytta familien til eit gardsbruk i utkanten av Rochester i New York som dei hadde kjøpt med ei arv mor hennar hadde. Garden blei snart til ein samlingsstad om sundagane for lokale aktivistar. Ein av dei var Frederick Douglass, ein tidlegare slave og ein viktig slaverimotstandar som blei ein livsvarig ven av Anthony.[3][4]

Anthony blei rektor for dei kvinnelege lærarane ved Canajoharie Academy i 1846, og blei forarga over at ho fekk mykje lågare løn enn menn i tilsvarande roller. Då Canajoharie Academy blei nedlag i 1849 tok Anthony over drifta av familiegarden slik at faren kunne arbeida meir med forsikring. Ho hadde denne rolla i nokre år, men blei meir og meir trekt til reformarbeid. Med støtte frå foreldra vigde ho seg etterkvart heilt til dette.[5] Resten av livet levde ho nesten berre av pengane ho fekk for å tala.[6]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Anthony var tidleg ei talskvinne for å avskaffa slaveriet, og samla inn underskrifter mot dette som 17-åring. I 1856 blei ho agent i delstaten New York state for American Anti-Slavery Society. Ho engasjerte seg òg i fråhaldsrørsla. Dette blei kombinert med kvinnesak då ho var med på å skipa New York Women's State Temperance Society etter å ha blitt nekta å tala på eit fråhaldsmøte fordi ho var kvinne.

Vidare kjempa ho for at kvinnelege og mannlege lærarar skulle få same løn.

Ho blei aktiv i kvinnerørsla på midten av 1850-talet, og arbeidet hennar her kom til å få stor tyding. Sidan ho var ugift hadde ho ingen familie, og kunne derfor gå heilhjarta inn i saka. Hennar syn var at nøkkelen til kvinnefrigjering var i politisk representasjon. Sjølv om det var mange forhold som kunne forbetrast for kvinnene meinte ho at å få innført stemmerett for kvinner var den viktigaste saka.

Ganske tidleg etter at ho hadde slutta seg til stemmerettsrørsla avfatta ho ein petisjon retta til den lovgjevande forsamlinga i delstaten New York. Der kravde ho store reformer:  1) kvinnas rett til å forvalta eiga forteneste, 2) mynde over barna i tilfelle skilsmisse, og 3) stemmerett. Ho handplukka 60 kvinner som vinteren 1854 gav seg i veg for å samla underskrifter som støtta forslaga, og dei kom tilbake med 6 000 namn. Hennar og organisasjonen sitt strev vann til slutt gehør, og i 1860 vedtok delstaten New York eit lovforslag som gav kvinna rett til å ha eigen eigedom og styring over si eiga arbeidsforteneste, innleia rettsprosessar og ved døden til ektemaken sin ha same rettar som denne hadde hatt om hustrua hans hadde gått bort før han. Desse reformene var eit skritt på vegen for kvinnerettsaktivistane i New York.

den amerikanske borgarkrigen braut ut i 1861 stansa all verksemd for kvinnesake opp. Nokre aktivistar, som Louisa May Alcott, valde å verka som sjukepleiarar, men Susan Anthony og Elizabeth Cady Stanton vitja i staden alle større byar med slagordet «Ingen kompromiss med slaveeigarar».  Dei lykkast med å samla inn 400 000 underskrifter, noko som gjorde at kongressen godkjente det 13. tillegget til grunnlova, som innebar at alle slavar umiddelbart skulle gjerast frie.

Ho var redaktør for den radikale kvinnelege avisa The Revolution 1868-1870. Ho var ein av initiativtakarane til International Council of Women i 1888. I Berlin var ho med ved grunnlegginga av International Woman Suffrage Alliance, som kom til i opposisjon mot at ICW ikkje våga å ta tydeleg stilling i spørsmålet om stemmerett for kvinner. Straks etter dette heldt ICW ein stor internasjonal kongress i Berlin, slik at mange tilreiste kvinner kunne delta ved dei to tilstellingane.

Ho var den første kvinna som vart registrert som vel ved eit amerikansk presidentval; ho stemte òg ved presidentvalet i 1872. Dette førte til at det vart ført ei oppsiktsvekkande rettssak mot henne i juni 1873, der ho blei dømd for urettmessig valdeltaking.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1973 blei ho vald inn i National Women's Hall of Fame.

På 100-årsdagen for ratifiseringa av det 19. grunnlovstillegget, som innebar at kvinner fekk stemmerett, 18. august 2020, blei Anthony posthumt benåda av president Donald Trump.[7] Leiaren for Susan B. Anthony House avslo benådinga grunna eit prinsipp om at å godta det ville validera rettssaken mot Anthony, på same måte som å betala boten hennar på 100 dollar ville ha gjort det.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elisabeth Aasen: Driftige damer : lærde og ledende kvinner gjennom tidene PAX ISBN13 9788253016047, side 217 ebok fra bokhylla.no
  2. Harper (1898–1908), Vol. 1, pp. 24–31, 35, 39
  3. Harper (1898–1908), Vol. 1, pp. 45–46, 60
  4. Hugh Barbour, Christopher Densmore, Elizabeth H. Moger, Nancy C. Sorel, Alson D. Van Wagner, Arthur J. Worrall, ed. (1995). Quaker Crosscurrents: Three Hundred Years of Friends in the New York Yearly Meetings, pp. 135–35. Syracuse, N.Y: Syracuse University Press. p. 135. ISBN 0-8156-2664-9.
  5. Harper (1898–1908), Vol. 1, pp. 55–56
  6. Sherr (1995), p. 226
  7. Haberman, Maggie; Rogers, Katie (18. august 2020). «On Centennial of 19th Amendment, Trump Pardons Susan B. Anthony». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 18. august 2020. 
  8. Ulaby, Neda (20. august 2020). «Susan B. Anthony Museum Rejects President Trump's Pardon Of The Suffragist». NPR. Arkivert frå originalen August 21, 2020. Hughes, Deborah L. (18. august 2020). «On News of a Presidential Pardon for Susan B. Anthony on August 18, 2020». SusanB.org. The National Susan B. Anthony Museum & House. Arkivert frå originalen 21. august 2020. 
Sekundærkjelder
Primærkjelder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]