Svampar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svampar


SpongeColorCorrect.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Porifera

Svampar (Porifera) er ei rekkje dyr som lever fastsitjande i havet og tropisk ferskvatn. Dei manglar både vev som nervar og musklar og eit fast symmetrisk kroppsplan, og er såleis den mest primitive fleircella dyregruppa me kjenner til. Det finst over 5000 kjende artar innanfor tre klasser, og fossil av gruppa er påvist heilt attende til over 600 millionar år sidan.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Svampar er fastsitjande, vasslevande organismar som lever av å filtrera næringsstoff frå omgjevnadane. Dette syt dei for gjennom såkalla choanocyttar; flagellceller som pumpar vatn inn og ut av kroppsholrommet og tek opp eventuelle næringspartiklar frå dette. Ein svamp kan pumpa eit tonn med vatn for å få tak i eitt gram næring.

Svampar har både kjønna og ukjønna formeiring. Dei er tvekjønna, og har ytre befruktning. Ved ukjønna formeiring brekk det av eit stykke frå foreldreorganismen, som vert ført med vassmassane til ein plass det kan gro fast og veksa til ein ny svamp, genetisk identisk med opphavet. Ved kjønna formeiring slepp alle svampane i eit område ut egg og sæd i vatnet samstundes, som regel ved fullmåne. Desse kan i nokre tilfelle danna bilateralsymmetriske larvar.

Celletypar i svamp[endre | endre wikiteksten]

Svampar er bygd opp av tre hovudcelletypar.

Pinacocyttar dannar pinacodermen, som tilsvarar epidermis og er det næraste svampane kjem ekte vev. Dette er flate og tynne celler som naturleg nok ligg på utsida av dyret, og som hjå somme artar finst spesialisert til porocyttar – røyrforma celler som ligg i mesohyl-laget og regulerer vasstraumen inn i sjølve kroppen.

Det tidlegare nemnde mesohyl-laget er eit gele-aktig lag som ligg under pinacodermen. Her finn me mesenchymecellar eller amøbocyttaramøboide celler som kan spesialiserast til ei rekkje funksjonar; reproduksjon, lagring og transport av næringspartiklar, reparasjon av veggar og danning av spiklar, som har ein avstivande, skjelett-aktig funksjon.

Choanocyttane dekkjer dei indre kamrane og er ansvarlege for vasstraumen i svampen. Denne syt dei for med såkalla flagellar, små ”hår” som skapar straumar med rørslene sine. Kvar choanocyttcelle har ei lita microvilli-krage som filtrerer næringspartiklar ut av vatnet flagellen pumpar inn.

Kroppsform hjå svamp[endre | endre wikiteksten]

Me skil mellom tre ulike oppbygnadsmodellar for svamp; ascon, sycon og leucon.

Ascon-forma førekjem berre hjå kalksvampar (klasse Calcarea), og er den enklaste og sjeldnaste varianten. Her er sjølve dyret forma som ein slags vase, med eit stort, ope holrom og tilnærma rette veggar. Choanocyttcellane er plasserte i sjølve spongocoelomet (~kroppshola), og flagellrørslane deira pumpar inn vatn gjennom ostia og ut gjennom osculum.

Sycon-forma vert funne både i Calcarea- og Hexactinellida-svampar, og har mest sannsynleg utvikla seg frå ascon-varianten. Skilnaden er at veggane i ein sycon-svamp ligg i folder, med choanocyttar i radialkanalane (dei innvendige foldane). Desse pumpar vatn inn gjennom dermalporer – små opningar i innstrøymingskanalane (dei utvendige foldane) – og ut gjennom osculum.

Den tredje og vanlegaste kroppstypen er leucon-forma, som me finn i alle tre klassane av svamp. Her består mesteparten av dyret av porøse veggar, medan spongocoelomet er redusert til ein enkel vassutstrøymingskanal. Choanocyttane ligg i eigne kammer, og har same funksjon som i ascon- og sycon-svampar: her pumpast det vatn inn gjennom dermalporene og ut gjennom osculae via utstrøymingskanalar.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Spiklar frå kalksvamp

Ved å sjå på korleis desse spiklane er bygd opp kan ein lett bestemma kva for klasse svampen høyrer til. I kalksvampar er dei nåleforma, tre- eller firkanta, og består av kalk. Glassvampane har på si side sekskanta spiklar av kisel, ofte arrangert i kompliserte mønster. Dei såkalla badesvampane i klassa Demospongiae har anten firkanta eller nåleforma kiselspiklar, eit proteinskjelett av spongin eller begge delar.

  • Rekkje Porifera
    • Kalksvampar, klasse Calcarea
      • Underklasse Calcinea
        • Clathrinida
        • Leucettida
        • Murrayonida
      • Underklasse Calcaronea
        • Baerida
        • Leucosolenida
        • Lithonida
        • Sycettida
    • Glassvampar, klasse Hexactinellida
      • Underklasse Amphidiscophora
      • Underklasse Hexasterophora
    • Badesvampar eller ekte svampar, klasse Demospongidae
      • Underklasse Homoscleromorpha
        • Homosclerophorida
      • Underklasse Tetractinomorpha
        • Astrophorida
        • Chondrosida
        • Hadromerida
        • Lithistida
        • Spirophorida
      • Underklasse Ceractinomorpha
        • Agelasida
        • Dendroceratida
        • Dictyoceratida
        • Halichondrida
        • Halisarcida
        • Haplosclerida
        • Poecilosclerida
        • Verongida
        • Verticillitida

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Miller, S.A & Harley, J.P: Zoology 7. utgåve, McGrawHill 2007
  • Velle, Gaute: Forelesningsnotatar, zoologi 2007