Flagell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein flagell er ein slags lang, tynn piskehale som heng på ei celle. Organellen vert vanlegvis nytta til rørsle, men det finst òg organismar som nyttar dei til formeiring, fødeopptak eller til å festa seg til substratet. Når ei celle har ein eller fleire flagellar er ho flagellert. Eukaryotar med flagell vert ofte kalla flagellatar.

Celler med flagellar kan både ha ein eller fleire av dei, og dei kan vera fest fleire stadar på cella. Ein nytta dei ofte før i biologisk systematikk av eincella organismar, men dette har ein gått meir vekk frå etter DNA-undersøkingar.

Det finst tre grunnleggjande ulike former for flagellar hjå høvesvis bakteriar, arkar og eukaryotar.

Bakterieflagellar[endre | endre wikiteksten]

Kolerabakterien Vibrio cholerae har flagell.

Bakterieflagellen består av tre hovuddelar: ein hol tråd av proteinet flagellin, ein basalkropp og ein krok til å kopla desse to saman. Basalkroppen består av eit sett ringar og er meir kompleks i Gram-negative enn i Gram-positive bakteriar.

Når bakterien spinn flagellen sin mot klokka, sym han i motsett retning enn den flagellen peikar mot. Når han spinn flagellen sin med klokka, skiftar han til ei vilkårleg anna retning.

Flagellen vert oftast driven av såkalla PMF, proton motile force. Dette inneber at han får energi frå proton som går gjennom cellemembranen ved basalkroppen til flagellen. Somme bakteriar i basiske miljø har ein flagell som vert driven av natrium-ion.

Eukaryote flagellar[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe Chlamydomonas-algar.

Eukaryotar med flagell har den same trådliknande strukturen i flagellene sine som bakteriar, men måten dei er bygd opp på er radikalt annleis. Sett i tverrsnitt ser ein dei er bygd opp av to sentrale mikrotubular, omkransa av ein sirkel av ni andre par. Desse er laga av eit protein me kallar tubulin.

Til skilnad frå bakterieflagellen slår eukaryotflagellen i bølgjer heller enn å rotera. Dei er ikkje avhengige av basalkroppen for å setje i gang rørsle, og kan fint røra seg sjølv etter å ha vorte kappa av morcella.

Døme på eukaryotar med flagell er mange algar og protozoar, i tillegg til somme celler hjå dyr. Det mest kjende dømet er sædcella.

Flageller og kreasjonismen[endre | endre wikiteksten]

Kreasjonisten og mikrobiologen Michael Behe nyttar bakterieflagellen ofte som døme på det han kallar irredusibel kompleksitet, det vil seie ein struktur som er for kompleks til å ha oppstått gjennom naturleg utval av fleire meir primitive steg. Han meiner dei ulike delane av flagellen kvar for seg ikkje har nokon funksjon utan saman med dei andre, og at dei såleis vitnar om at flagellen må vera konstruert av ein skapar.

Dersom dette hadde vore riktig, hadde argumentet vore eit gyldig vitskapleg motprov mot at evolusjonsteorien til Charles Darwin er den einaste gode forklaringa på biologisk tilpassing. Det viser seg derimot at fleire ulike bakteriar faktisk enno nyttar einskildkomponentane til flagellen til andre ting enn rørsle; til dømes vert PMF nytta til å danna ATP.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley 2005
  • Singleton, Paul & Sainsbury, Diana: Dictionary of Microbiology and Molecular Biology Wiley 1987
  • Engelsk wikipedia