Svedens gård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Svedens gård i Stora Kopparberg sokn er ein herregard utanfor Falun i Dalarna.

Garden vert for fyrste gong nemnd i 1542 og vert også ein bergsmansgard på slutten av 1500-talet. Hytta som høyrde til garden låg ved Korsnäs. I år 1653 vart Jesper Svedberg, prest og salmediktar og far til Emanuel Swedenborg fødd her.

På Svedens gård ligg den meir kjende bygningen Linnés bröllopsstuga. Her gifta Carl von Linné seg ein junidag i 1739 med Sara Elisabeth Moræa. Garden var då eigd av svigerfar til Linné, Johan Moraeus. Stova har gobelinliknande måling på veggene i bryllaupssalen. Det er eit bilete av høgarestandsmiljøa i bergsmansgardane rundt Falu gruva på tidleg 1700-tal. Bryllaupsstova vart eit bygningsminne i år 1968.

Garden inngår i verdsarven Falun.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]