Svein Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.
Svein Bakke
Fødd 23. juni 1953
Død

16. desember 2015

Svein Bakke (23. juni 195316. desember 2015) var ein norsk fotballspelar og idrettsleiar. Han var i alle år angrepsspelar, nærast ein indreløpar.

Bakke spelte for Sogndal IL frå 1971 til 1973 og frå 1975 til 1990. 1974-sesongen spelte han for Eidsvold Turn i 2. divisjon. Bakke var sentral då Sogndal i 1976 kom til cupfinalen mot Brann, og rykte opp til 1. divisjon. I semifinalen, då Sogndal slo Steinkjer 3-1 på Guldbergaunet, skåra han alle Sogndal sine mål. Bakke spelte 514 kampar for Sogndal og skåra 321 mål.

Bakke var sportsleg leiar og sportsdirektør i Sogndal Fotball fram til 2005. Han hadde i 1999 eit kortvarig engasjement i den engelske fotballklubben Wimbledon.

Han var far til Eirik Bakke.

Tid som aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubb Kamper* Mål* Periode
Flag of Norway.svg Noreg Sogndal 514 321 1971-1990

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia
  • Sportsboken. 1976