Sogndal Fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sogndal IL)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.
Sogndal Fotball
Fullt namnSogndal Fotball
KallenamnSaftkokaradn
Kort namnSogndal
Grunnlagd19. februar 1926
HeimebaneFosshaugane Campus
(kapasitet: 5523 (5300 sete))
StyreleiarTor Arne Ness
HovudtrenarEirik Bakke
LigaTippeligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong
Kurt Mørkøre frå Færøyane. Tidlegare toppscorar for Sogndal.

Sogndal Idrettslag Fotball er ein norsk fotballklubb med base i Sogndal. Klubben spelar denne sesongen i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Eirik Bakke.

Fotballklubben er medlem av det såkalla allianseidrettslaget Sogndal Idrettslag, som vart stifta 19. februar 1926. Sogndal vart landskjent då laget spelte seg fram til NM i fotball for menn i 1976. Etter 1981-sesongen var klubben for fyrste gong klar for opprykk til 1. divisjon. I perioden 1982-2004 spelte Sogndal til saman tolv sesongar i norsk toppserie.

Spelarstall 2014[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 31. mai 2014[1]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV Mathias Dyngeland
2 Flagget til Estland FS Taijo Teniste
3 Flagget til Noreg FS Bjørn Inge Utvik
4 Flagget til Finland FS Hannu Patronen
5 Flagget til Island FS Logi Valgardsson
6 Flagget til Noreg MS Helge Haugen
7 Flagget til Noreg MS Rune Bolseth
8 Flagget til Noreg AS Ulrik Flo
9 Flagget til Noreg AS Azar Karadas
10 Flagget til Noreg MS Ørjan Hopen
11 Flagget til Noreg AS Martin Trøen
15 Flagget til Noreg MS Petter Strand
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Noreg FS Gustav Valsvik
18 Flagget til Ghana AS Mahatma Otoo
20 Flagget til Noreg AS Kristian Fardal Opseth
21 Flagget til Noreg MV Leif Kvamme Lysne
22 Flagget til Noreg MS Tim Andre Nilsen
23 Flagget til Danmark AS Tonny Brochmann
24 Flagget til Noreg FS Erik Bergum Skaasheim
25 Flagget til Noreg MS Ruben Holsæter
26 Flagget til Sverige MV Erik Dahlin
27 Flagget til Noreg AS Kristoffer Stephensen
33 Flagget til Noreg MS Runar Heggestad

Spelarstall 2017[endre | endre wikiteksten]

[2] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg Mathias Dyngeland
2 Flagget til Estland Taijo Teniste
3 Flagget til Noreg Bjrøn Inge Utvik
4 Flagget til Nigeria Chidiebere Nwakali
5 Flagget til Noreg Victor Grodås
6 Flagget til Noreg Henrik Furebotn
7 Flagget til Noreg Eirik Schulze
8 Flagget til Noreg Fredrik Flo
10 Flagget til Ghana Gilbert Koomson
11 Flagget til Noreg Martin Ramsland
12 Flagget til Noreg Tarjei Aase Omenås
14 Flagget til Noreg Ole Martin Rindarøy
15 Flagget til Noreg Per Magnus Steiring
16 Flagget til Sverige Walid Atta
16 Flagget til England Reiss James Greenidge
17 Flagget til Frankrike Christophe Psychè
18 Flagget til Noreg Bendik Bye
19 Flagget til Noreg Ole Amund Sveen
20 Flagget til Noreg Markus Dahlen Brændsrød
Nr. Posisjon Spelar
21 Flagget til Noreg Kristian Rutlin
22 Flagget til Noreg Lars Christian Kjemhus
23 Flagget til Noreg Edin Øy
24 Flagget til Noreg Eirik Bergum Skaasheim
25 Flagget til Danmark Kasper Nissen
27 Flagget til Noreg Eirik Birkelund
28 Flagget til Noreg Johan Hove
29 Flagget til Noreg Tomas Olai Totland
30 Flagget til Island Kristinn Jònsson
30 Flagget til Noreg Joachim Soltvedt
31 Flagget til Noreg Ulrik Fredriksen
34 Flagget til Noreg Simen Brekkhus
35 Flagget til Noreg Eivind Helgesen
37 Flagget til Noreg Espen Næss Lund
39 Flagget til Guinea Mohamed Didé Fofana
40 Flagget til Noreg Even Hovland
41 Flagget til Noreg Kjetil Wæhler
77 Flagget til Montenegro Staniša Mandić

Spelarstall 2018[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 3. mai 2018. [3] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg Mathias Dyngeland
2 Flagget til Nigeria Akeem Latifu
3 Flagget til Noreg Per-Magnus Steiring
4 Flagget til Noreg Kjetil Wæhler
5 Flagget til Noreg Victor Grodås
6 Flagget til Noreg Henrik Furebotn
7 Flagget til Noreg Eirik Schulze
8 Flagget til Noreg Eirik Birkelund
9 Flagget til Noreg Ulrik Flo
10 Flagget til Montenegro Staniša Mandić
11 Flagget til Noreg Martin Ramsland
12 Flagget til Noreg Christian Kjetil Haug
14 Flagget til Noreg Ole Martin Rindarøy
16 Flagget til England Reiss James Greenidge
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Guinea Mohamed Didé Fofana
18 Flagget til Noreg Sigurd Hauso Haugen
19 Flagget til Noreg Ole Amund Sveen
20 Flagget til Noreg Markus Dahlen Brændsrød
21 Flagget til Noreg Kristian Rutlin
22 Flagget til Noreg Lars Christian Kjemhus
23 Flagget til Noreg Edin Øy
24 Flagget til Noreg Sixten Dalen Jensen
25 Flagget til Danmark Kasper Nissen
28 Flagget til Noreg Johan Hove
29 Flagget til Noreg Tomas Olai Totland
30 Flagget til Noreg Joachim Soltvedt
31 Flagget til Noreg Ulrik Fredriksen
34 Flagget til Noreg Eivind Helgesen

Utlånte Spelarar 2018[endre | endre wikiteksten]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
8 Flagget til Noreg Fredrik Flo (hos Fana til 31. desember 2018)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1964 spelte fotballaget Sogndal i krins- og fylkesseriar i Sogn og Fjordane. Hausten 1964 rykte Sogndal opp frå 4. divisjon, og fekk plass i 3. divisjon avdeling Vestland B, som omfatta lag frå Hordaland med Bergen, samt Sogn og Fjordane.

  • 1965-72: 3. divisjon. År 1968 kom laget seg for fyrste gong til tredje runde av noregsmeisterskapen. I 1972 vann Sogndal avdelinga si, Vestland B, etter jamn tevling med fire andre lag. Klubben rykte opp i 2. divisjon etter kvalifiseringskampar mot Vigrestad, vinnaren av Vestland A-avdelinga.
  • 1973: Laget hamna på ein tiande og sisteplass 2. divisjon B, fekk einast ni poeng.
  • 1974-76: Sogndal vann i 1975 3. divisjonsavdelinga med suveren margin, 30 poeng mot toaren sine 20 poeng. Men i kvalfiseringa tapte laget mot Stavanger Idrettsforening. Året etter, 1976, var sigersmargin endå større, 33 poeng mot 22. I kvalifiseringa for 2. divisjon møtte laget Vigrestad, og som i 1972 vart det siger og opprykk. Same året spelte Sogndal seg fram til cupfinalen i noregsmeisterskapen. På Ullevål tapte Sogndal 1-2 mot Brann.
  • 1977-81: 2. divisjon. Sogndal plasserte alle desse sesongane seg på øvste halvdelen av serietabellen. I 1981 vann klubben B-avdelinga to poeng føre Molde Fotballklubb og rykte opp i 1. divisjon for aller fyrste gong.
  • 1982: 1 divisjon. Nedrykk etter at laget hamna på 11. og nest siste plass med 16 poeng, same poengsummen som botnlaget Molde.
  • 1983-87: 2. divisjon. I 1987 vann Sogndal avdeling A med 49 poeng, trepoengsregelen var innført, fem poeng føre Djerv 1919, som også rykte opp.
  • 1988-89: I 1988 spelte Sogndal i den øvste divisjon for andre gong, med 31 poeng hamna klubben på 6. plass, den beste serieplasseringa nokon gong. Året vart det 11. plass og nedrykk med klar margin.
  • 1990: 2. divisjon: Rykte opp att til 1. divisjon etter å ha vunne A-avdelinga med fire poengs margin.
  • 1991-92: 1. divisjon/Tippeligaen. I 1991 hamna Sogndal på 9. plass, medan laget året etter kom på 11. plass, og rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Hamarkameratene. Laget rykte då ned til Divisjon 1, den tidlegare 2. divisjon, ettersom 1. divisjon frå 1992 heitte Tippeligaen.
  • 1993: Vinnar av B-avdelinga i Divisjon 1 (2. nivå) med 47 poeng.
  • 1994: 11. og nest siste plass i Tippeligaen, rykte ned grunna dårlegare målforskjell enn Bodø/Glimt.
  • 1995-96: Divisjon 1 (2. nivå). Både i 1995 og -96 hamna Sogndal på 2. plass i sine respektive avdelingar. I 1995 tapte laget sluttspelkampen mot Strømsgodset, året etter vann det over Odd i tilsvarande kamp.
  • 1997-98: Tippeligaen. Nr 11 av 14 lag i 1997 med 29 poeng, desidert sist med 16 poeng året etter.
  • 1999-2000: Divisjon 1 (2. nivå). I 2000 vart Sogdal nr 3 i serien og var klare for kvalifiseringskampar om spel i Tippeligaen. Der møtte laget Vålerenga, som hadde hamna på tredje siste plass i Tippeligaen. Etter ein dramatisk slutt i andre kampen, Tommy Øren skåra like før slutt, erobra Sogndal plass i Tippeligaen.
  • 2001-04: Tippeligaen. Sogndal oppnådde desse fire sesongane høvesvis 8., 11., 8., og 14. plass i serien.
  • 2005-10: Divisjon 1 (2. nivå). Vinnar av divisjonen i 2010 med 56 poeng etter 28 kampar.
  • 2011: Tippeligaen. Nr 14 og nr 12 i dei to fyrste sesongane, begge gongane med 34 poeng.

Spelarar[endre | endre wikiteksten]

Eirik Bakke, Frode Grodås, Jostein Flo, Håvard Flo, Tore André Flo, Lasse Opseth, Anders Stadheim, Tommy Øren, Rune Buer Johansen, Terje Skjeldestad, Alexander Ødegaard og Even Hovland er Sogndal-spelarar som er registrert med éin eller fleire kampar på det norske A-landslaget i fotball.

Også trenarar frå Sogndal har vore i viktige i norsk fotball. Tidlegare spelar Ingvar Stadheim, far til Anders Stadheim, var trenar for landslaget frå 1988-1990. Harald Aabrekk har vore assisterande landslagssjef og vore trenar for U21-landslaget.

Svein Bakke har scora flest mål for Sogndal, 321 mål på 513 kampar. Asle Hillestad har med 611 innhopp flest spelte kampar, like bak kjem Knut Christiansen med 608 kampar (257 mål).

Sogndal-trenarar[endre | endre wikiteksten]

Trenarar Periode Trenarar Periode
Torbjørn Glomnes (2000-2002) Trond Fylling (2005)
Jan Halvor Halvorsen (2003-2004) Stig Nord (2006)
Karl Oskar Emberland (2006-2009) Harald Aabrekk (2009-2011)
Jonas Olsson (2012-2014) Eirik Bakke (2015-)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spelarstall». Sogndal Fotball. Henta 8. mai 2013. 
  2. Førstelaget spelarar
  3. Førstelaget spelarar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.

Mal:Tippeligaen 2018