Svend Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svend Solberg
Fødd17. april 1831
Død3. mai 1890 (59 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
BarnPeter Collett Solberg

Svend Adolph Solberg (17. april 18313. mai 1890) var ein norsk forretningsdrivar og stortingsmann frå Drammen.

Solberg var son til ein kjøpmann. Han vart student frå Drammens skule i 1848 og tok 1854-56 merkantil utdanning utanlands. På garden Kobbervik, som han overtok etter faren, dreiv han skipsreiarlag og tok del i styringa av fleire industriføretak. Han var 1865-85 medlem av bystyret i Drammen, ordførar 1874. Tida 1868-74 var han direktør i Drammens Privatbank.

Solberg var 2. representant for Drammen på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av næringskomite nr 1, i 1882 også av skattekomiteen og traktatkomiteen. 1881-sesjonen var han permittert frå 16. mai.

Han døydde i Drammen i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914