Hopp til innhald

Svenning Olsen Kongsgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenning Olsen Kongsgård
StatsborgarskapNoreg
Fødd6. desember 1780
Brandval
Død

8. november 1865 (84 år)
Grue kommune

Yrkebonde, politikar, offiser
Språknorsk

Svenning Olsen Kongsgård (6. desember 1780–8. november 1865) var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann fødd i Brandval i Hedmark.

Far hans var gardbrukar og handverkar på Funderud i Brandval, men flytta sidan til Hesbøl i Eidskog. Sjølv gjekk han i unge år i skreddarlære. I 1801 eller –02 verva han seg og kom inn på underoffiserskulen på Kongsvinger. Han vart korporal i 1804 og kommandersersjant i Solør korps frå 1806. Kongsgård deltok i krigen 1808-14 og vart då titulert for løytnant. I 1808 vart han utnemnd til dannebrogsmann for sine handlingar då han 20. april 1808 fekk stoppa ei fiendtleg patrulje. Før krigen tok til, kjøpte han i 1807 garden Kongsgård i Grue og dreiv denne. Han var medlem av formannskapet i Grue 1837-39.

Kongsgård var 3. representant frå Hedemarkens amt på Stortinget i 1824, medlem av militærkomiteen. I 1821 var han 4. og i 1833 2. varamann til Stortinget.

Han døydde på garden sin i Grue i 1865.