Sverdlovsk i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 48°5′N 39°39′E
Sverdlovsk
ukrainsk Свердловськ
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Rajon Sverdlovskyj rajon
Koordinatar 48°5′N 39°39′E
Areal 83,84 km²
Folketal 65 868 (2011)
Folketettleik 786 / km²
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dovzhansk

Sverdlovsk (ukrainsk Свердловськ, Sverdlovsk; russisk Свердловск) er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Sverdlovskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Han ligg kring 80 km frå Luhansk. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.

Byen har kring 65 000 innbyggjarar (2011). Dei fleste av innbyggjarane arbeider i gruveindustrien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har røter i ein liten landsby ved kjelda til elva Dolzjyk. Mot sluten av 1700-talet vart han av Katarina II av Russland gjeven til ataman Vasyl Orlov som løn for glimrande militærteneste. Landsbygda fekk namnet Dolzjykovo-Orlovske. Utviklinga av området skaut fart mot slutten av 1800-talet etter at det vart oppdaga kol i Donetsk-regionen. I 1938 fekk han bystatus og det noverande namnet til minne om bolsjevikleiaren Jakov Sverdlov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]