Sverre By

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre By
Fødd 4. februar 1897
Død

5. mars 1975

Yrke skribent

Sverre By (4. februar 18975. mars 1975) var ein norsk lærar og barnebokforfattar. Han var morfar til fotballtrenaren og litteraturkritikaren Ola By Rise.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sverre By var fødd i Sømna og vaks opp i Skaun. Han gjekk ut frå Levanger lærarskule i 1920. Deretter var han lærar fleire stader, både i Fusa, Børsa og Skaun før han kom til Strinda. Der slo han seg ned - først i 19 år som lærar ved Ranheim skule, deretter som styrar ved Åsvang skule til han vart pensjonist i 1965. Han var formann i Strinda lærarlag i 12 år.

Frå 1929 til 1931 redigerte han avisa Gaula, men det var ikkje før etter krigen at han vart forfattar. Han debuterte i 1946 med På livet laust, og skreiv i alt 21 bøker. Best kjent er kanskje Raudmerra (1948) og oppfølgjarane Raudmerra er di (1956) og Samstadprinsen (1961). Eit hovudtema i forfattarskapen er ei realistisk skildring av brotet mellom det gamle bondesamfunnet og det moderne industrisamfunnet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For Raudmerra og Turid og dei andre (1951) fekk han Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin barnebokpris. Då han fekk prisen i 1948, var han den første som fekk denne prisen.

I 1967 blei By tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Bibliografi (i utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Nidarosdomen : den herlegaste kyrkja i norderlanda (1946)
  • På livet laust (1946)
  • Raudmerra (1948)
  • Fart i tingen (1950)
  • Turid og dei andre (1951)
  • Leiv møter eventyret (1953)
  • Reidar Rask (1955)
  • Raudmerra er di (1956)
  • Gullklokka (1958)
  • Åge (1959)
  • Kjetil på marknad (1960)
  • Samstadprinsen (1961)
  • På krigsfot : forteljing frå 1905 (1964)
  • Jenta med dei brune flettene (1964)
  • Fagerbekken (1966)
  • Flaumen går (1967)
  • Heggdalsgruva (1968)
  • Glimådalen (1969)
  • Sæmund Bonde og Rønnaug (1971)
  • Styrk Audunsson (1972)
  • Bølgjer i bygda (1973)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]