Sverre Heim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Heim
Fødd 4. oktober 1951 (69 år)
Balsfjord
Yrke lege, professor, sjakkspelar, onkolog

Sverre Heim (fødd 4. oktober 1951 i Balsfjord) er ein norsk lege og kreftforskar, vinnar av Kong Olav Vs Kreftforskingspris for 2011. Han er også ein sterk sjakkspelar, Noregsmeister i sjakk i 1980.

Medisinsk forskarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Sverre Heim er utdanna lege. Han var stipendiat i Kreftforeningen. Frå 1983 var han i Lund i Sverige for å spesialisere seg i medisinsk genetikk, deretter professor i Odense. I 1994 kom han tilbake til Noreg, og er no overlege ved Radiumhospitalet og leiar for Seksjon for kreftcytogenetikk ved Oslo Universitetssykehus. Han fekk Kong Olav Vs Kreftforskningspris for 2011 med mellom anna følgjande grunngjeving: «Sverre Heim ble tildelt prisen på bakgrunn av sin snart 30 år lange forskning på kromosommønstre i kreftceller. Ved å studere avvik i kromosomer får man ny kunnskap om hvordan ulike kreftformer oppstår. Det gir grunnlag som gjør at medisiner som virker direkte inn i mekanismene for hvordan sykdommene oppstår kan utvikles[1]

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Sverre Heim lærte sjakk av morfaren i Balsfjord. Han vart med i Tromsø sjakklubb som 13-åring, og hadde deretter rask framgang: Nokre år etterpå ein andreplass i juniorklassa i sjakk-NM, og deretter som 18-åring vinnar av den nordnorske meisterskapen i 1969. I 1973 vann han nest øvste klasse i sjakk-NM, og rykte opp i eliteklassa, der det vart ein fjerdeplass allereie i første forsøk i 1974. I 1980 vann han ein suveren siger i sjakk-NM i Oslo, med 7,5 poeng av 9 moglege, 2 poeng framom nummer 2. Han har delteke 4 gonger på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), med gode resultat i 1980, 1982 og 1984: 6,5 poeng av 12 moglege, 7 av 12 og 7 av 11. Han har i seinare år i stor grad prioritert anna enn sjakkspeling, men når han har delteke, har resulta ofte vore svært gode, til dømes ein fjerdeplass i sjakk-NM 1996. Han er internasjonal FIDE-meister i sjakk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]