Sverre Juvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Juvik
Fødd20. april 1922
Hemnes kommune
Død26. mai 2015 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar, industriarbeider
Alle verv

Sverre Johan Juvik (20. april 192226. mai 2015) var ein norsk arbeidar og politikar frå Hemnes i Nordland. Han representerte Sogn og Fjordane og ArbeidarpartietStortinget frå 1969 til -77.

Juvik var son til ein småbrukar og skogvaktar. Han arbeidde ved Hemnes sagbruk & høvleri frå 1937 til 1950, med unnatak for 1944-46 då han gjekk Hemnes Folkehøgskule. I 1950 flytta han til Årdal i Sogn og var tilsett i Årdal og Sunndal Verk til 1983, frå 1959 som arbeidsleiar.

Juvik engasjerte seg fagpolitisk og var formann 1946-48 i Hemnes høvleriarbeiderforening og 1951-58 i Årdal kjemiske fagforening, landsstyremedlem 1956-59 i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund 1956-1959 og formann i Årdal samorganisasjon 1961-69.

Frå 1952 til -59 var Juvik medlem i heradsstyret i Årdal. Hausten 1969 var han fyrstekandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved stortingsvalet, noko som i realiteten sikra stortingsplass, og han vart attvald i 1973. Alle åtte åra på Stortinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Valperioden 1980-83 var Juvik med i formannskapet i Årdal. Han flytta i 1983 tilbake til Hemnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]