Sverre Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For meteorologen, sjå Sverre Petterssen. For KrF-politikaren, sjå Sverre Pettersen (1936)
Sverre Pettersen
Sverre Pettersen.jpg
Fødd 1. september 1884
Oslo
Død

15. mars 1959
Oslo

Yrke teiknar

Sverre Pettersen (1. september 188415. mars 1959) var ein norsk teiknar, kunsthandverkar og formgjevar frå Oslo. I åra 1916–25 laga han også ei rekkje glasmåleri og som bokkunstner laga han adresser, forutan illustrasjonar og bokbind. Frå 1928 til 1949 var han kunstnarisk leiar ved Hadeland Glassverk. Han var ein av dei mest kjende kustnarane på glasverket på 1900-talet.

Frå 1936 var han lærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, overlærar frå 1944 og avdelingslærar frå 1948 av di han bygde opp reklamelinja ved skulen. I 1949 vart Pettersen teiknar og konsulent for bokkunstnarisk utstyr i H. Aschehoug & Co.s forlag.

I 1954 vart Sverre Pettersen utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]