Swansea City AFC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Swansea City)
Gå til: navigering, søk
Swansea City AFC
Fullt namn Swansea City AFC
Kallenamn The Swans/The Jacks
Grunnlagd Ukjend
Heimebane Liberty Stadium,
Swansea
(Kapasitet: 20 532)
Styreleiar Huw Jenkins
Hovudtrenar Brendan Rodgers
Liga Premier League

Swansea City Association Football Club er ein walisisk fotballklubb frå Swansea som spelar i Premier League. Klubben blei stifta i 1912, og er den einaste walisiske klubben som har spelt i den høgste divisjonen i England. Heimebana til Swansea heiter Liberty Stadium, og dei deler bana med Osprey Rugby Union. Swansea City er ein av dei mest framgangsrike klubbane i Wales, og har vunne den walisiske cupen 10 gonger. Kallenamnet deira er “The Swans” eller “The Jacks”. Det siste kallenavnet har dei fått pga. hunden “Swansea Jack” som vart kjend for å ha redda 27 menneske.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Swansea har tidlegare vore ein by som var meir kjent for rugby, og det var ingen fotballklubbar i Swansea før Swansea Town A.F.C. blei etablert i 1912. Dei starta å spele i andredivisjonen i Wales. Swansea var innom både 3., 2. og 1. divisjon før dei rykte opp i den øvste ligaen i England, Premier League i 2011, etter å ha vunne kvalifiseringa. Opp gjennom historia har Swansea vore innblanda i mange oppgjer mot rivalen Cardiff City. Kampane dei imellom er kjent som “The South West Derbie” , og er som regel eit høgdepunkt for tilhengjarane av begge laga.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

[1]Sist oppdatert 8. september 2016. Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Polen Łukasz Fabiański
2 Flagget til Spania Jordi Amat
3 Flagget til Wales Neil Taylor
4 Flagget til Sør-Korea Ki Sung-yueng
5 Det nederlandske flagget Mike van der Hoorn
6 Flagget til England Alfie Mawson
7 Flagget til England Leon Britton Kaptein
8 Det nederlandske flagget Leroy Fer
9 Flagget til Spania Fernando Llorente
10 Flagget til Spania Borja Bastón
12 Flagget til England Nathan Dyer]]
13 Flagget til Sverige Kristoffer Nordfeldt
15 Flagget til England Wayne Routledge
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Gambia Modou Barrow
19 Flagget til Australia Mark Birighitti
20 Flagget til Ecuador Jefferson Montero
22 Flagget til Spania Àngel Rangel
23 Flagget til Island Gylfi Sigurðsson
24 Flagget til England Jack Cork
25 Flagget til Tyskland Gerhard Tremmel
26 Flagget til England Kyle Naughton
33 Flagget til Argentina Federico Fernández
35 Flagget til Skottland Stephen Kingsley
56 Flagget til Skottland Jay Fulton
62 Flagget til Skottland Oliver McBurnie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]