André Ayew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
André Ayew
[[Fil:|235px|frameless]]
Personleg informasjon
Fullt namn André Morgan Rami Ayew
Fødd 17. desember 1989
Fødestad Seclin
Høgd 176 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Arles-Avignon
Ungdomsklubbar
1999-2005
2005-07
Ghana Nania
Frankrike Marseille
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007-
2008-09
2009-10
Frankrike Marseille
Frankrike Lorient (lån)
Frankrike Arles-Avignon (lån)
9 (0)
22 (3)
25 (4)
Landslag
2007- Ghana Ghana 26 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 26. juni 2010

André Morgan Rami Ayew, (fødd 17. desember 1989 i Seclin i departementet Nord) er ein ghanesisk fotballspelar. I 2010 spelar han for Arles-Avignon, som rykte opp til Ligue 1 i Frankrike i 2010, på lån frå Marseille, og for det ghanesiske landslaget. Han er son av den tidlegare kapteinen på Ghana sitt fotballandslag, Abedi Pele, som tre gonger vart kåra til årets afrikanske spelar tidleg på 1990-talet. André Ayew vart fødd i Frankrike medan faren spelte profesjonell fotball der. Mora hans er fransk. Han voks opp i Ghana, men flytta attende til Frankrike som 15-åring og begynte å spela for Marseille. Ayew har éin landskamp for Frankrike sitt U18-landslag, men gjekk sidan over til å spela for Ghana. Han debuterte for Ghana sitt A-landslag 7. august 2007 i ein privatlandskamp mot Senegal.