Syd-Österbotten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Syd-Österbotten
Grunnlagd17. januar 1903
Språksvensk
ISSN0789-8363
Nettstadwww.sydin.fi

Syd-Österbotten, på folkemunne kalla Sydin, er ei svenskspråkleg avis i Österbotten i Finland. Avisa har eit opplag på drygt 7000 eksemplar, og ho kjem ut tre dagar i veka (tysdag, torsdag, laurdag). Kjerneområdet er kommunane Närpes, Kristinestad, Kaskö og Korsnäs. Sentralredaksjonen er i Närpes og ein lokalredaksjon i Kristinestad.

Historia til avisa går attende til Kristinestads Tidning, som vart grunnlagt i 1897, men som vart stoppa av den russiske sensuren i 1900. Ei ny avis vart grunnlagt i Kristinestad dels av dei same bakmennene i 1903, den nye avisa fekk namnet Syd-Österbotten.

I nabobyen Kaskö vart Kaskö Tidning grunnlagt i 1914. Avisa flytta til Närpes i 1964, og fekk namnet Närpes-Övermark-Kaskö Tidning. I 1968 vart namnet endra til Närpes Tidning.

Dagena Syd-Österbotten vart fødd gjennom ein fusjon av Närpes Tidning i Närpes og Syd-Österbotten i Kristinestad i 1980. Harry Schaumans stiftelse kjøpte i 1992 ein del av aksjane i det familjeeigde avisselskapet og løyste seinare inn heile aksjekapitalen. Konsernet HSS Media, som blir eigd av stiftinga, gjev ut avisene Syd-Österbotten, Vasabladet, Österbottens Tidning og Pietarsaaren Sanomat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]