Kristinestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristinestad
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Österbotten
Del av Swedish-speaking Ostrobothnia
Areal 809 km²
Grunnlagd 1649
Språk svensk, finsk
Kart
Kristinestad
62°16′25″N 21°22′40″E / 62.273611111111°N 21.377777777778°E / 62.273611111111; 21.377777777778
Wikimedia Commons: Kristinestad

Kristinestad (finsk Kristiinankaupunki) er ein kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 7373 og eit areal på 809 km², der 678 km² er land. Kristinestad grensar til kommunane Sastmola, Storå, Bötom, Östermark og Närpes.

Kristinestad er ein tospråkleg kommune med svensk som majoritetsspråk (57,4 %) og finsk som minoritetsspråk (42,6 %).

Gamlebyen i Kristinestad er ein av dei beste bevarte trehusbusetnadene i Finland. Byplanen vart opphavleg teikna av landmålaren og ingeniøren Claes Claesson.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

I Bötomsbergen på grensa mot Bötom vart det på 1990-talet funne ein neandertalgrotte som vart kalla Varggrottan (finsk Susiluola). Grotta inneheld sannsynlegvis dei eldste spor etter neandertalarar som er funne i Norden. Utgravingane kjem til å halda fram over fleire tiår.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]