Sylvaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sylva
elv
River Sylva.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 19 700 km²
Lengd 493 km
Kjelde Uralfjella
Munning Kama-reservoaret
Wikimedia Commons: Sylva River

Sylva (russisk Сы́лва) er ei elv i Sverdlovsk oblast og Perm kraj i Russland og ho var den største sideelva til Tsjusovaja frå venstre før Kama-reservoaret vart bygd. Elva er 493 km lang og har eit nedslagsfelt på 19 700 km².

Elva spring ut frå vestsida av Uralfjella og renn vestover. Sylva munnar ut i Kama-reservoaret. Den nedre delen av Sylva renn over karstområde.

Middelvassføringa hennar 45 km før munningen er 139 m³/s. Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i andre halvdel av april.

Dei viktigaste sideelvan hennar er Vogulka, Irgina, Iren, Babka, Kisjertka frå venstre, og Barda og Sjakva frå venstre.

Langs Sylva ligg byen Kungur og landsbyen Molebka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]