Hopp til innhald

Kungur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kungur
Кунгур
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Perm kraj
Høgd 120 m
Areal 68,7 km²
Folketal 62 173 (2023)
Grunnlagd 1663
   Bystatus 1663
Postnummer 617470–617480
Retningsnummer (+7) 34271
Kart
Kungur
57°26′00″N 56°56′00″E / 57.433333333333°N 56.933333333333°E / 57.433333333333; 56.933333333333
Wikimedia Commons: Kungur

Kungur (russisk Кунгу́р) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg 80 km søraust for Perm.

Kungur vart grunnlagt i 1663. Han ligg i Uralfjella, der elva elva Iren renn saman med Sylva, ei sideelv til Kama. Kungur er ein gammal russisk by med historisk arkitektur. Han er i dag eit handels-, industri- og transportsenter.

Parti frå Kungur.
Foto: A. Savin

Kungur vart opphavleg grunnlagt 17 km oppfor munningen til Iren, ved elva Kungurka, i 1648. I 1662 vart byen brend ned av basjkirar. I 1663 vart han gjenoppbygd som ei festning på staden der landsbyen Mysovskoje låg. I 1674 motstod festninga ei omleiring av kosakkhæren til Jemeljan Pugatsjov. På byrjinga av 1700-talet starta ein lêr- og fottøyindustri her og i 1724 vart det bygt eit garveri i byen. Ved midten av hundreåret var Kungur eit av dei tettast folkesette områda i Ural. I 1759 vart administrasjonen for gruveindustrien i Perm-regionen flytta til Kungur. Han fekk bystatus i 1781. På slutten av 1700-talet var Kungur eit viktig senter for transitthandel ved Sibirvegen, så vel som senter for lêrproduksjon i Perm-provinsen. Tau og linolje frå Kungur var vidt kjent. I løpet av 1800-talet utvikla byen seg til eit viktig kultur- og industrisenter.

Større industriverksemder i Kungur er SIA Turbobur og JSK «Kungur-fottøy» (som mellom anna lagar militært fottøy). I byen vert det produsert kunstgjenstandar, suvenirar av stein og musikkinstrument (gitarar) og det finst òg mekanisk industri, tekstil- og strikkefabrikker og næringsmiddelindustri.

Kungur ligg ved den transsibirske jernbanen og var den første byen i europeisk Russland som vart knytt til banen.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]
Frå Kungur isgrotte.
Foto: A. Savin

Like ved Kungur, på høgre bredda av elva Sylva, ligg Kungur isgrotte. Holegangar strekkjer seg under bakken over 6 000 meter og berre ein mindre del er utforska. Gamle utglidingar og ras gjer det derimot umogeleg å finne ut kor langt gangane eigentleg strekkjer seg. I den utforska delen er det mange separate grotter, av dei største er Druzjba- (venskaps-)grotta, som fekk namnet til ære for deltakarar ved Den internasjonale geologiske kongressen som vitja han i 1937. Innanfor denne grotta er det ein innsjø på 750 m². Grottene er «dekorert» med søyler av stalagmitter og stalaktitter på opp til to meter. Grotta vert fylt opp med vatn frå Sylva-elva kvar vår og haust og er då ikkje tilgjengeleg for turistar.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Kungur